Kva slags dokumentasjon må eg ha for å få sett ned formuesverdien på bustaden?

Ved endring av marknadsverdi kan dette vere aktuell dokumentasjon:

  • takst
  • prisvurdering av meklar

Alternativ dokumentasjon kan vere kjøpekontrakt eller liknande, der salssummen går fram. Du kan òg dokumentere marknadsverdien ved å leggje fram salssummen for ein tilnærma lik bustad i same område. Dokumentasjonen vil då typisk bestå av prospekt o.l. som viser at det dreier seg om tilnærma like bustader, og pristal henta frå Finn.no eller liknande.

Dokumentasjonen eller grunnlaget må skrive seg frå tida etter 1. juli i inntektsåret for at det skal kunne ha verknad for neste fastsettjing av formues- og inntektsskatt.