Kva er forskjellen mellom bustadens formuesverdi og bustadens likningsverdi?

Ingenting. Den endra bruken av omgrep heng saman med den nye skatteforvaltingslova som tek til å gjelde frå og med 1. januar 2017 med verknad også for inntektsåret 2016. Skatteforvaltingslova erstattar mellom anna likningslova, og omgrep som likningsverdi og sjølvmelding blir til dømes erstatta med formuesverdi og skattemelding.