Skatt ved utleige av bustad/fritidsbustad

Inntekt ved utleige av bustad/fritidsbustad er i utgangspunktet skattepliktig inntekt, men det finst nokon unnatak. Eit eventuelt overskot blir skattlagt som kapitalinntekt (alminneleg inntekt) med 24 prosent i 2017. Dersom utleigeaktiviteten blir rekna som verksemd, skal inntektene skattleggjast som verksemdsinntekt. Dette inneber at det skal betalast trygdeavgift og trinnskatt av leigeinntektene, i tillegg til alminneleg inntektsskatt.

Bustader der leigeinntektene er skattefrie, blir omtalte som fritakshandsama bustader. Medan bustader der leigeinntektene er rekna som skattepliktige, blir omtalte som rekneskapshandsama bustader.

Skattefritak for eige bruk

Eig du bustad eller fritidseigedom blir du ikkje skattlagd for verdien av å bruke eigedomen heilt eller delvis sjølv. Skattefritaket gjeld for 

  • bustadeigedom, til dømes einebustad, to- eller fleirmannsbustad, rekkjehus eller leilegheit
  • fritidseigedom
  • bueining i bustadselskap
  • våningshus på gardsbruk

Når er utleigeinntekta skattefri?

Utleigeinntekter frå bustad er skattefrie når

  • du nyttar minst halvparten av bustaden til eigen bruk rekna etter utleigeverdien
  • heile eller ein større del av bustaden blir leigd ut for inntil 20 000 kroner i inntektsåret

Utleigeinntekter frå fleirmannsbustader er alltid skattepliktige.

For fritidseigedom du heilt eller delvis nyttar til fritidsføremål, er utleigeinntekter på inntil 10 000 kroner skattefrie. Av eit eventuelt overskytande beløp blir 85 prosent rekna som skattepliktig inntekt. Det er eit vilkår at eigaren nyttar eigedomen i rimeleg omfang over tid. Er ikkje det nemnde vilkåret om brukstid oppfylt, blir eigedomen rekna som utleigehytte. Med utleigehytte meiner vi ein fritidseigedom som er meint for utleige og som ikkje skal nyttast av eigaren. Blir eigedomen rekna som utleigehytte, skal eigedomen rekneskapshandsamast.

Kva meiner vi med å bruke minst halvparten av bustaden?

Utleigeverdien av den delen av eigedomen som du brukar, må vere minst like høg som utleigeverdien av den delen av eigedomen som blir utleigd. Utleigeinntektene er altså skattefrie sjølv om inntil 50 prosent av eigedomen (rekna etter utleigeverdi) blir leigd ut.

Kva meiner vi med utleige av heile eller ein større del av bustaden?


Med større del meiner vi at utleigeverdien av den delen du leiger ut er høgare enn utleigeverdien av den delen du sjølv brukar til eigen bustad. Dersom heile eller ein større del av bustaden blir leigd ut for meir enn 20 000 kroner, skal bustaden rekneskapshandsamast og alle utleigeinntektene frå bustaden er skattepliktige.

Når ein skal avgjere om beløpsgrensa for skatteplikt på 20 000 kroner er overskriden, er det berre utleigeinntektene du får når du leiger ut heile eller ein større del av bustaden som skal reknast med. Går ein over grensa på kr 20 000, skal bustaden rekneskapshandsamast for heile året. Det vil seie at også eventuelle leigeinntekter som skriv seg frå ein periode der bustaden er utleigd i mindre omfang, er skattepliktige.

Kva meiner vi med utleigeverdi?

Med utleigeverdi meiner vi verdien på bustaden på den frie utleigemarknaden til det føremålet areala er brukte til. Skilnaden i utleigeverdi på den utleigde delen og eigen del, svarar ikkje nødvendigvis til arealforholdet mellom einingane, sjølv om det ofte er samanfallande.

Utrekninga av utleigeverdien kan variere alt etter kva for type utleige det dreiar seg om, til dømes korttidsutleige kontra utleige på meir fast basis. Ved korttidsutleige er det leigeverdien ved slik utleige som må nyttast når ein samanliknar leigeverdien for den utleigde delen og det arealet du nyttar sjølv. Dersom utleigearealet berre blir brukt til korttidsutleige, kan det vere aktuelt å fastsetje ein stipulert leigeverdi også for periodar der bustaden ikkje er utleigd basert på inntekta frå korttidsutleiga, og som dermed kan overstige faktiske utleigeinntekter. Les meir om delingsøkonomi.