• Skriv ut
  • Eg har ikkje betalt skatt av gevinsten i utlandet

Dette må du gjere:

Fjern fritidsbustaden frå skattemeldinga

Ettersom du har selt fritidsbustaden, må du fjerne han frå skattemeldinga. Dette gjer du ved å setje formuesverdien for fritidsbustaden til 0 i post 4.6.1

Registrer gevinsten av salet i skattemeldinga dersom han er skattepliktig i Noreg

Gevinst ved sal av fritidsbustad er i utgangspunktet skattepliktig i Noreg, også når fritidsbustaden ligg i utlandet. I somme tilfelle kan gevinsten likevel vere skattefri.

Dersom gevinsten er skattepliktig i Noreg må du:

  1. Registrere gevinsten av salet i post 3.1.11 i skattemeldinga.
  2. Krysse av for "Ja" i post 1.5.6 for inntekt i utlandet.

Gevinsten oppgir du i norske kroner. Dersom du må rekne om frå utanlandsk valuta, skal du bruke kjøpskursen til Norges Bank på den dagen gevinsten blir utbetalt.

Ta vare på dokumentasjon

Du treng ikkje å leggje ved dokumentasjon på utrekninga gevinsten i skattemeldinga, men du må kunne vise oss dette dersom vi ber deg om det seinare. Dokumentasjonen du må kunne vise, er

  • kjøpekontrakt
  • salskontrakt
  • eventuell dokumentasjon for påkostnad av fritidsbustaden
  • eventuell dokumentasjon for andre kostnader knytte til fritidsbustaden (til dømes meklarkostnader)

Skatteetaten kan krevje at dokumentasjon på andre språk enn nordisk skal omsetjast til norsk eller engelsk av offentleg godkjende translatørar.

Endre skattekort?

Når du sel ein fritidsbustad kan det påverke grunnlaget for skattekortet ditt (formue, gjeld og gjeldsrenter). Dersom du tidlegare ikkje har informert oss om desse endringane når du har søkt om skattekort, bør du vurdere å endre skattekortet ditt.  

Har du òg leigd ut bustaden?

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.