• Skriv ut
  • Bustaden er selt med tap

Dette må du gjere:

Fjern fritidsbustaden frå skattemeldinga

Ettersom du har selt fritidsbustaden, må du fjerne han frå skattemeldinga. Dette gjer du ved å setje formuesverdien for fritidsbustaden til 0 i post 4.6.1.

Du kan ha krav på frådrag for tapet

Dersom du ikkje finn landet fritidsbustaden ligg i på denne lista, kan du ha krav på frådrag for tapet.

Du har krav på frådrag for tapet dersom ein eventuell gevinst ville ha vore skattepliktig.

Dersom du har krav på frådrag for tapet, skal du registrere tapet i post 3.3.6 i skattemeldinga.

Tapet oppgir du i norske kroner. Dersom du må rekne om frå utanlandsk valuta, skal du bruke kjøpskursen til Norges Bank på den dagen gevinsten blir utbetalt.

Ta vare på dokumentasjon

Du treng ikkje å leggje ved dokumentasjon på utrekninga tapet i skattemeldinga, men du må kunne vise oss dette dersom vi ber deg om det seinare. Dokumentasjonen du må kunne vise, er

  • kjøpekontrakt
  • salskontrakt
  • eventuell dokumentasjon for påkostnad av fritidsbustaden
  • eventuell dokumentasjon for andre kostnader knytte til fritidsbustaden (til dømes meklarkostnader)

Skatteetaten kan krevje at dokumentasjon på andre språk enn nordisk skal omsetjast til norsk eller engelsk av offentleg godkjende translatørar.

Endre skattekort?

Når du sel ein fritidsbustad kan det påverke grunnlaget for skattekortet ditt (formue, gjeld og gjeldsrenter). Dersom du tidlegare ikkje har informert oss om desse endringane når du har søkt om skattekort, bør du vurdere å endre skattekortet ditt.

Har du òg leigd ut bustaden?

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.