Eit ordna skatte- og arbeidsforhold

For foreldre, praktikantar / au pair og dagmammaer gjeld det særskilde skattereglar for betalt barnepass. Informasjonen vi gir her gjeld ved barnepass i barnet sin heim eller barnepassaren sin heim. Med dagmamma meiner vi ein person som driv privat barnepassverksemd i eigen heim, men ikkje familiebarnehage.

Barn under 12 år og eldre barn med særskilt behov for omsorg og pleie 
Reglane gjeld ved betaling for pass og stell av barn som i inntektsåret er under 12 år, og like eins ved pass av eldre barn som har særskilt behov for omsorg og pleie på grunn av handikap eller liknande. Kontakt skattekontoret dersom du er i tvil om forholdet kjem inn under reglane for barn som er 12 år eller eldre som treng omsorg og pleie.

For anna lønnsarbeid i heimen gjeld det andre reglar. Dersom du vil ha meir informasjon, kan du lese om lønnsarbeid i heimen

Dersom du vil ha meir informasjon om au pair-arbeid, kan du lese om reglane for arbeidstakar og arbeidsgivar.

Inga arbeidsgivaravgift
 
Sjølv om foreldre er arbeidsgivar for ein person som passar barn i barnet sin heim (praktikant, au pair, barnevakt o.l.), skal dei ikkje betale arbeidsgivaravgift. Foreldra betaler heller ikkje arbeidsgivaravgift for betaling til dagmamma som passar barn i sin (barnepassaren sin) eigen heim.

Trygdeavgift og minstefrådrag
Den som passar barn i barnet sin heim, er arbeidstakar og kan krevje minstefrådrag i lønnsinntekta. Dagmammaer som passar barn heime hjå seg sjølv, kan krevje minstefrådrag i arbeidsvederlaget. Dagmammaer skal betale trygdeavgift etter same sats som lønnstakarar og ikkje etter høg sats som gjeld for andre næringsdrivande.

Trygdeavgiftssatsen er no 8,2 prosent.

Plikt til å levere a-melding
Foreldre skal sende a-melding for praktikantar / au pair og andre som passar barn i barnet sin heim. Les meir om dette under avsnittet «Når du er arbeidsgivar». Foreldra skal òg sende a-melding for betaling til dagmamma som passar barn i eigen heim. Les nærmare om dette i avsnittet «Når du ikkje er arbeidsgivar».

Fordelar ved ordna forhold
Det gir større tryggleik når arbeidsforholdet er registrert og barnepasset skjer under ordna forhold. Betalt barnepass kjem på denne måten på lik linje med anna lønna arbeid. For dei som passar barna, er det ofte ein fordel å ha eiga registrert inntekt. Det kan verke inn på utbetalingar frå folketrygda, mellom anna sjukepengar. Dei vil òg kunne opparbeide seg pensjonspoeng eller pensjonsbehaldning.

Fleire opplysningar
NAV-kontoret, skattekontoret og skatteoppkrevjaren i kommunen din kan gi deg fleire opplysningar.