Fritidsordning for barn i idrettsforeiningar og liknande gir foreldrefrådrag

  • Skriv ut

Mange idrettsforeiningar, sportsklubbar osv. driv fritidsordning for barn rett etter skuletid, t.d. idrettsfritidsordning og fotballfritidsordning. Fritidsordningar med tilbod som svarer til skulefritidsordninga på barneskulen skal frå 2014 reknast som pass og stell av barn og gi rett til foreldrefrådrag for kostnadene.

Dei ordinære skulefritidsordningane ved offentlege og private skular (SFO) rett før og rett etter skuletid blir rekna som pass og stell av barn som gir rett til foreldrefrådrag. Idrettsfritidsordning og liknande rett etter skuletid har mykje til felles med tilbodet i SFO på skulane, men har organisert fysisk aktivitet i staden for fri leik, kurs i måling, sjakk, museumsbesøk osv. Skattedirektoratet har vedteke at fritidsordningar som er etablert som eit alternativ til skolefritidsordning på barneskule og dermed er av tilsvarande art som SFO rett etter skulen også må reknast som pass og stell av barn med meir rett til frådrag for utgiftene.Fritidsordninga kan omfatte éin idrett eller fleire ulike idrettsaktivitetar.

Fritidsordningar som du kan krevje frådrag for, har desse kjenneteikna:

  • aktivitetstilbodet blir gitt rett etter skuletid minst 3 dagar i veka, og har eventuelt tilbod også før skuletid
  • tilbodet blir gitt gjennom heile skuleåret eller ein sesong
  • tilbodet gjeld for barn i alderen 5-11 år, eventuelt for eit avgrensa aldersintervall
  • tilbodet er ope for alle barn i det aktuelle aldersintervallet, utan krav om faglege kvalifikasjonar, dvs. er ikkje eit "spissa" aktivitetstilbod for særskilt utvalde barn
  • opphaldstida per uke for kvart einskild barn er avtalt og fast
  • fellesaktivitetar ute og/eller inne
  • har eventuelt matpause med utdeling av t.d. brød eller frukt
  • har eventuelt tid til leksearbeid, med eller utan leksehjelp
  • følgjer i hovudsak feriane og fridagane som gjeld ved skulen

Fritidsordningar som utvides til eit heldagstilbod i nokre veker av skuleferien, blir likestilt med skulefritidsordning i ferien. Du får foreldrefrådrag for opphaldskostnadene, men ikkje for utgifter til mat eller ein eventuell utstyrspakke som barnet får.

Alternative fritidsordningar med andre hovudaktivitetar enn idrett skal òg reknast som pass og stell av barn når tilbodet elles er av tilsvarande art som fritidsordning som nemnt ovanfor. Har du utgifter til fritidsordning som ei foreining driv, med aktivitetar innanfor foreininga sitt føremål og interessefelt, kan du krevje frådrag.

Fritidstilbod som ikkje gir frådragsrett:

  • Tidsavgrensa/kortvarige eller sporadiske aktivitetstilbod i regi av lag og foreiningar i SFO-tida blir ikkje rekna som ei fullverdig fritidsordning.
  • Det organiserte treningsopplegget til idrettsklubben seinare på ettermiddagen / kvelden / i helgar, til dømes trening med dei aldersbestemte laga i klubben, er fritidstilbod av ein annan art enn SFO/idrettsfritidsordning.
  • Undervisning for barn, individuelt eller i gruppe

Ein gir normalt ikkje foreldrefrådrag for barn som har fylt 12 år. Du kan likevel krevje frådrag for fritidsordning for barn som er 12 år eller eldre dersom barnet ditt har eit særskilt behov for omsorg og pleie. Eit slikt behov må du kunne dokumentere med attest frå lege eller barnevern.

Rapportering til Skatteetaten om kostnader til fritidsordning

Idrettsklubbar og andre foreiningar som driv fritidsordning som blir omfatta av frådragsreglane skal rapportere foreldra sine kostnader til Skatteetaten. Beløpet for foreldrefrådrag blir førehandsutfylt i skattemeldinga i post 3.2.10, Foreldrefrådrag.

Er kostnadene dine ikkje rapporterte inn av klubben, kan du føre opp beløpet sjølv i post 3.2.10.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.