Særfrådrag for sjukdomsutgifter

  • Skriv ut

Har du store kostnader på grunn av sjukdom eller svakheit, kan du ha rett på særfrådrag. Sjukdomen eller svakheita må på førespurnad kunne dokumenterast med legeattest.

NB: Føresegna om særfrådrag for store sjukdomskostnader er oppheva frå og med inntektsåret 2012, men det er gitt overgangsreglar som fasar ut særfrådraget og som kjem til å gjelde til det er vedteken ei ny ordning.

Særfrådraget blir fasa ut

Stortinget har vedteke ein overgangsregel om å fase ut særfrådraget for store sjukdomskostnader som kjem til å gjelde til det er vedteke ei ny ordning. Det vil seie at overgangsreglane også gjeld for inntektsåret 2016. Reglane om utfasing inneber at dersom du har fått særfrådrag for store sjukdomskostnader for inntektsåra 2010 og 2011, får du òg særfrådrag for inntektsåra 2012, 2013, 2014, 2015 og 2016, såframt vilkåra for særfrådrag er oppfylte.

For inntektsåra 2013-2016 skal særfrådrag for store sjukdomskostnader givast med 67 prosent av dei kostnadene du har rett til frådrag for. Denne reduksjonen blir gjort maskinelt gjennom systemet for fastsettinga. Det inneber at du i skattemeldinga skal føre opp 100 prosent av dei frådragsgivande kostnadene i post 3.5.4.

Les meir om utfasinga.

Kven har krav på frådraget?

Desse vilkåra må vere oppfylte:

  1. Det må dreie seg om sjukdom/svakheit som har vart eller som ein reknar med kjem til å vare i minst 2 år
  2. Sjukdomen/svakheita må gjelde deg eller nokon du forsørgjer.
  3. Det må vere ein årsakssamanheng mellom sjukdomen/svakheita og kostnadene du har hatt
  4. Kostnadene du har i samband med sjukdomen må utgjere minst 9 180 kroner per år. (Du har likevel krav på særfrådrag for ekstra tilsynskostnader som kjem av sjukdom/svakheit hjå barn du forsørgjer sjølv om kostnadene er under 9 180 kroner per år.)
  5. Du må ha fått særfrådrag for store sjukdomskostnadar både i inntektsåret 2010 og 2011. (Det er kun desse skatteytaraene som framleis kan krevje særfrådrag for store sjukdomskostnadar frå og med 2012).

Trekk frå offentleg tilskot

Dersom du har fått tilskot frå det offentlege for å dekkje meirkostnadene du har på grunn av sjukdomen, og tilskotet er skattefritt (til dømes grunnstønad eller hjelpestønad), må du trekkje frå dette når du reknar ut om kostnadene har vore store nok til at du kan krevje frådrag. Dette gjeld òg dersom du har fått erstatning etter ei ulukke.

Kva kan du få frådrag for?

Du får ikkje frådrag for kostnader som du ville ha hatt sjølv om du var frisk. Dersom sjukdomen har ført til at kostnaden er blitt større enn han elles ville ha vore, kan du likevel få frådrag for meirkostnaden. Det blir slik sett berre teke omsyn til meirkostnaden som kjem av sjukdomen o.a. Skatteetaten krev likevel at det er tett nok samanheng mellom sjukdomen/svakheita og kostnaden.

Du kan mellom anna få frådrag for:

  • kostnader til lege (eigendelar i den offentlege helsetenesta)
  • medisin
  • kostnader til eigna medisinske hjelpemiddel
  • meirkostnader ved ekstra dyrt kosthald
  • ekstra slitasje på klede og sengeklede
  • fysioterapi
  • forhøgd forsikringspremie
  • kostnader til tilsyn, pleie og nødvendig hjelp i heimen

Utgifter til behandling utanfor det offentlege norske helsevesenet

Når det gjeld frådragsretten for kostnader ved behandling, pleie eller opphald i institusjon eller hjå privatpraktiserande helsepersonell utanfor offentleg norsk helsevesen, får du berre særfrådrag for kostnadene dersom det offentlege helsevesenet ikkje har eit tilsvarande tilbod. I tillegg må behandlinga vere vurdert som fagleg forsvarleg.

Les meir om dette og anna i Skatte-ABC under emnet Særfradrag – sykdom eller svakhet.

Slik fører du frådraget:

  • Før særfrådraget i post 3.5.4 i skattemeldinga
  • Dersom vi ber om det, må du kunne dokumentere sjukdomen eller svakheita ved å sende inn legeattest.
  • Annan dokumentasjon, som til dømes kvitteringar på legeutgifter, skal ikkje sendast med skattelemeldinga, men du må kunne vise dei fram eller på annan måte sannsynleggjere utgifta dersom Skatteetaten ber om det.

Kvifor har eg ikkje fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga?

Det kan vere fleire årsaker til at du ikkje har fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.