Særfrådrag for store sjukdomsutgifter blir fasa ut frå og med inntektsåret 2012

  • Skriv ut

Regelen om særfrådrag for store sjukdomskostnader er oppheva frå og med inntektsåret 2012. Det inneber at du berre kan krevje særfrådrag for sjukdomskostnader dersom du har fått særfrådrag både for inntektsåra 2010 og 2011.

Utfasingsreglane inneber at dersom du har fått særfrådrag for store sjukdomskostnader forinntektsåra 2010 og 2011, blir det gitt særfrådrag for store sjukdomskostnader også forinntektsåra 2012, 2013, 2014, 2015 og 2016 så framt vilkåra for særfrådrag er oppfylte.

Gradvis nedtrapping av storleiken på frådraget for 2013

Frå og med inntektsåret 2013 skal særfrådrag for store sjukdomskostnader givast med 67 prosent av dei kostnadene du har rett til frådrag for. Denne reduksjonen blir gjort maskinelt gjennom systemet for fastsetting. Det inneber at du i skattemeldinga skal føre opp 100 prosent av dei frådragsgivande kostnadene i post 3.5.4.

Dette gjeld også inntektsåret 2016.

Døme

Ola krev særfrådrag for sjukdomsutgifter med 100 000 kroner i 2016. Skattekontoret godkjenner særfrådrag for 100 000 kroner, men pga. regelen om gradvis nedtrapping av storleiken på frådraget frå og med inntektsåret 2013, får Ola berre særfrådrag for 67 000 kroner.

Du må som tidlegare oppfylle desse hovudvilkåra:

  • Du eller nokon du forsørgjer må ha ein varig sjukdom eller svakheit
  • utgiftene må kome av sjukdomen/svakheita 
  • og sjukdomsutgiftene må utgjere minst 9180 kroner

Frådrag for tilsynskostnader som kjem av sjukdom hjå barn, blir gitt uavhengig av kor stor kostnaden er.

Frådragsretten for utgifter til tannbehandling, transport og bustad er fjerna frå og med inntektsåret 2012

Frå og med inntektsåret 2012 har du ikkje krav på særfrådrag for utgifter som knyter seg til tannbehandling, transport og bustad. Dette gjeld sjølv om du fekk særfrådrag for slike utgifterved fastsettinga for inntektsåra 2010 og 2011.

Med utgifter til tannbehandling, transport og bustad meiner vi dette:

  • tannlege- og tannpleiar hjelp
  • påbygging, ombygging og tilpassing av bustad og uteområde, medrekna fritidsbustad,garasje o.l.
  • transport, medrekna innkjøp av køyretøy og spesialutstyr i køyretøy, drift og meirbruk av køyretøy. Med «køyretøy» meiner vi mellom anna bil, moped, motorsykkel, ATV (terrenggåandemotorkøyretøy utanom bil og traktor) og snøskuter, men ikkje rullestol.
  • Drift av køyretøy omfattar mellom anna utgifter til dekkskift og bilvask.
  • Meirbruk av køyretøy omfattar meirutgifter til bensin/diesel, del av årsavgift, forhøga forsikringspremie, service og reparasjonar som følgjer av at skattepliktig må bruke køyretøyet meir enn det som ville vore nødvendig utan sjukdomen eller svakheita.

Unnatak

Du kan framleis krevje særfrådrag for sjukdomsutgifter til ombygging/tilpassing av bustad for inntektsåret 2013

  • dersom du har hatt utgiftene før 2012 
  • og du ved fastsettinga for inntektsåret 2011 eller tidlegare har fått godkjent ei fordeling av utgiftene til frådrag over fleire inntektsår.

Særfrådrag for eit slikt restbeløp skal ikkje trappast ned.

Døme: Utgifter til tilpassing av bustad

Kari blei i 2008 rullestolbrukar. Pga. sjukdomen/svakheita bygde ho om / tilpassa bustaden for rullestolbruk same år, slik at ho kunne halde fram med å bu i bustaden heile året. Utgiftene utgjorde 450 000 kroner. Ved fastsettinga for inntektsåret 2008 blei utgiftene rekna som sjukdomsutgifter i sin heilskap med ei fordeling over 10 år, dvs. 45 000 kroner per år.

Attståande beløp til frådrag etter fastsettinga for inntektsåret 2012 utgjer dermed 225 000 kroner (450 000 – 225 000 = 225 000).
Kari kan krevje særfrådrag for restbeløpet i løpet av inntektsåra 2013–2014.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.