Eg har eit funksjonshemma barn. Kan eg krevje særfrådrag for meirkostnader som eg har i den samanhengen? Og kva kostnader kan eg få frådrag for?

Forsørgjer du eit funksjonshemma barn, kan du krevje særfrådrag for ekstra tilsynskostnader som kjem av barnet sin sjukdom eller varige svakheit. Du får då frådrag frå og med første krone for dokumenterte meirutgifter som er grunna helsetilstanden til barnet. Kravet til minste kostnads- og frådragsnivå på kroner 9180 gjeld ikkje for utgifter til tilsyn av sjukt barn.

Dersom du òg har andre utgifter som kjem av eigen eller forsørgd person sin sjukdom, skal du rekne med alle utgiftene. Dette inneber at du kan ha rett til særfrådrag for andre sjukdomsutgifter under minstegrensa, dersom desse saman med utgifter til tilsyn av barn minst utgjer kroner 9180. Med omgrepet tilsynsutgifter meiner vi dei same utgiftstypane som er omfatta av foreldrefrådraget (pass og stell av heimeverande barn), men særfrådrag blir berre gitt for dei ekstra tilsynsutgiftene som kjem av helsetilstanden til barnet. Du får altså ikkje frådrag for dei tilsynskostnadene som blir dekte gjennom foreldrefrådraget. Du må kunne dokumentere både tilsynsbehovet og utgiftene dersom vi ber om det.