Kva slags kostnader kan eg få frådrag for?

Kostnadene må kome av sjukdomen/svakheita. Kostnader som du òg ville hatt dersom du var frisk, får du ikkje frådrag for. Dersom sjukdomen har ført til at kostnaden er blitt større enn han elles ville ha vore, kan du likevel få frådrag for meirkostnaden. Det blir slik sett berre teke omsyn til meirkostnaden som kjem av sjukdomen o.a. Når det gjeld kravet til årsakssamanheng, er det òg eit krav om at sjukdomen/svakheita og kostnaden må ha tett nok samanheng.

Du kan mellom anna få frådrag for kostnader til lege (eigendelar i den offentlege helsetenesta), medisin, kostnader til eigna medisinske hjelpemiddel, meirkostnader på grunn av sjukdomen, t.d. eventuelle meirkostnader ved ekstra dyrt kosthald og kostnader til tilsyn, pleie og nødvendig hjelp i heimen.

Du kan òg få frådrag for kostnader til privat behandling, pleie eller opphald på institusjon eller hos privatpraktiserande helsepersonell utanfor offentleg norsk helse- og sosialvesen, men då må det vere slik at det offentlege norske helsevesenet ikkje tilbyr tilsvarande behandling. I tillegg må helsestyresmaktene vurdere om det private helsetilbodet er fagleg forsvarleg. I slike tilfelle må både § 6-83 første og andre ledd vere oppfylte for å få rett til særfrådrag.

Du kan lese meir om dette og anna om særfrådrag for store sjukdomskostnader i rettleiinga til skattemeldinga og i Skatte-ABC under emnet Særfradrag – sykdom eller svakhet.