Tilskot til forsking og yrkesopplæring

  • Skriv ut

Du kan få frådrag i skattepliktig inntekt for pengetilskot til institutt som driv vitskapleg forsking under medverknad frå staten. Vidare får du frådrag for tilskot til yrkesopplæring som kan ha noko å seie for verksemda di.

For tilskot til vitskapleg forsking og yrkesopplæring er det inga nedre beløpsgrense for å ha rett til frådraget. Dersom tilskotet ditt utgjer meir enn 10 000 kroner, er frådrag utover 10 000 kroner avgrensa til 10 prosent av den alminnelege inntekta di før særfrådrag og før frådrag for tilskotet.

Dersom den alminnelege inntekta omfattar aksjeutbytte, utdeling frå selskap med deltakarfastsetting eller gevinst ved realisasjon av aksjar eller partar, skal den oppjusterte verdien av slike eigarinntekter reknast med når ein reknar ut maksimalt frådrag. Ein skal gjere ei tilsvarande justering dersom det ved realisasjonen ligg føre eit frådragsgivande tap.

Er du personleg skattytar er tilskotet ditt vanlegvis ferdig utfylt i post 3.3.7 i skattemeldinga dersom du har gitt opp fødselsnummeret eller organisasjonsnummeret ditt til instituttet.

Dersom instituttet ikkje har rapportert tilskotet, må du føre opp beløpet sjølv.

Ta òg kontakt med instituttet og be dei rapportere beløpet på fødselsnummeret/organisasjonsnummeret ditt.

Førehandsutfylling av det innrapporterte tilskotsbeløpet gjeld ikkje skattemelding for selskap.

For å få frådraget må instituttet vere godkjent på førehand. Sjå lista over godkjende organisasjonar.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.