Familiependlar eller einsleg pendlar

Familiependlarar – ektefellar og forsørgjarar

Du blir rekna som familiependlar når du i heimkommunen bur saman med:

  • ektefelle/registrert partnar 
  • eigne barn 
  • eller søsken som du forsørgjer

Adoptivbarn blir likstilte med eigne barn. Det same gjeld fosterbarn når fosterforeldra ikkje tek imot fosterheimsgodtgjersle, og når forholdet elles liknar ein adopsjon.

Einslege pendlarar

Du blir rekna som einsleg pendlar når du ikkje er familiependlar. Dersom du er sambuar, blir du rekna som einsleg i denne samanhengen. Bur du i tillegg saman med eigne barn, blir du derimot rekna som familiependlar.

Døme: 

Karen busette seg i Hamar saman med Harald og sonen til Harald, Kristian. I mai 2005 fekk ho jobb i Oslo og begynte derfor å pendle mellom Hamar og Oslo. Karen blei rekna som einsleg pendlar, fordi ho verken var gift med Harald eller var mor til Kristian.Eitt år seinare fekk Karen og Harald eit barn saman. Karen heldt fram med å pendle mellom Hamar og jobben i Oslo. Ettersom Karen no har eit eige barn, blir ho ikkje lenger rekna som einsleg.