Reiser – kor ofte må ein person reise mellom arbeidsstad og heimkommune?

Reisehyppigheit

Kor ofte du reiser heim, kan vere avgjerande for om du kan reknast som pendlar.

Familiependlarar

Er du familiependlar, er det ingen spesifikke krav til kor ofte du må pendle. Pendlinga må likevel skje så ofte at bustaden kan reknast som ein felles heim når ein òg tek omsyn til dei andre forholda. Normalt bør ein krevje at pendlinga har minst tre til fire heimreiser med overnatting i året.

Einslege som er 22 år eller eldre ved utløpet av inntektsåret

Er du i denne gruppa, er det vanlegvis eit krav at du reiser heim minst kvar tredje veke. Dersom reiseavstanden er kort, blir det kravd at du reiser oftare. Sjeldnare heimreiser kan godtakast når særlege årsaker tilseier det, til dømes ved sjukdom, dårleg økonomi eller studium på kveldstid.

Einslege under 22 år ved utløpet av inntektsåretEr du under 22 år og einsleg, er det ikkje sett noko minstegrense for kor ofte du må reise heim, men reglane krev at du reiser så regelmessig og hyppig som det som er rimeleg etter forholda. Dersom du er i tvil om du reiser ofte nok, kan du ta kontakt med skattekontoret/folkeregisteret.

Døme:

Brit (32 år) har eiga leilegheit i Haugesund og jobbar i Bergen, der ho leiger ei usjølvstendig leilegheit. Ho reiser til Haugesund ca. ei helg i månaden. Dette er i utgangspunktet for sjeldan til at ho kan reknast som pendlar. Men årsaka til at ho ikkje reiser heim oftare, er at ho går på skule på kveldstid. Ho har derfor så mykje å gjere at reisinga blir for slitsam.  Etter reglane kan skulegangen vere ein slik særleg grunn som gjer at ho likevel blir rekna som pendlar.