Særreglar for skattlegging av pendlarar

Frådrag for ekstra kostnader (utgifter) på grunn av pendling

Er du pendlar, har du rett til spesielle frådrag i inntekta. I samband med arbeidsopphald utanfor heimen kan du trekkje frå meirutgifter til kost og losji. Du har òg rett til frådrag for besøksreiser til heimen. 

Hugs at dersom du skal få frådrag for betalingar på kr 10 000 eller meir, må betalinga skje via bank. Betaler du kontant, har du altså ikkje rett til å få frådrag dersom betalinga utgjer kr 10 000 eller meir. 

Frådrag for meirutgifter til kost

Meirutgifter ved arbeidsopphald utanfor heimen gir frådragsrett når du har dekt kostnadene sjølv. Dersom du krev frådrag for faktiske kostnader, må du ta vare på bilag og kvitteringar, slik at du, om nødvendig, kan dokumentere utgiftene overfor skattekontoret. I staden for frådrag for faktiske kostnader kan du krevje frådrag etter standardsatsar som Skattedirektoratet fastset for kvart år. Satsane skal dekkje utgifter til kost og andre ekstrautgifter (småutgifter). I satsane er det teke omsyn til kostinnsparinga i heimen. Desse satsane avheng av type overnattingsstad.

Reglane om frådrag for meirutgifter til kost er like for einslege pendlarar og familiependlarar. Har du overnatta i brakke/hybel eller annan tilsvarande bustad med kokemoglegheiter, får du frådrag etter såkalla brakkesats.

Har du overnatta på pensjonat der du ikkje har hatt moglegheit til å lage mat sjølv, får du frådrag etter såkalla pensjonatsats.

Har du overnatta på hotell, får du frådrag etter såkalla hotellsats. Kravet for å få frådrag etter pensjonat­ eller hotellsats er at du må kunne sannsynleggjere at du har budd på pensjonat eller hotell.

Dersom arbeidsgivaren eller oppdragsgivaren subsidierer kost eller yter delvis fri kost, får du berre frådrag for dokumenterte meirutgifter. I slike tilfelle kan du ikkje velje å krevje frådrag etter standardsatsane.

Arbeidsgivaren dekkjer utgiftene

Dersom arbeidsgivaren din har dekt kost etter rekning eller på annan måte (administrativ forpleiing), kan du ikkje krevje frådrag. Då skal du skattleggjast for kostinnsparing i heimen.

Meirutgifter til losji

Det blir gitt frådrag for utgifter til losji for faktiske utgifter til losji (brakkeleige, husleige). Du må difor betale via bank.

Einslege har krav på frådrag for meirkostnader til losji på arbeidsstaden berre når dei på heimstaden

  • er omfatta av reglane om skattefritak for fordel ved å bu i eigen bustad, eller
  • bur i andre sin bustad der skattytaren anten blir tillagd fordel ved fri bruk eller dekkjer alle kostnadene i samband med bustaden, slik at denne blir fritakslikna, eller
  • har kostnader til leigd sjølvstendig bustad, eller
  • har kostnader til leig usjølvstendig bustad utanom foreldreheim og fråværet frå denne bustaden gjeld mellombels arbeidsfråvær

Frådrag for besøksreiser til heimen

Alle pendlarar har rett til frådrag for besøksreiser til heimen. Frådraget blir rekna ut etter ein sats per kilometer. Dersom du bruker fly ved besøksreiser, kan du velje å krevje frådrag for faktiske utgifter i staden. Du skal då ha frådrag etter kilometersats for resten av reisa. Føresetnaden for å få frådrag for utgifter til fly er at kostnaden kan dokumenterast.

Du finn meir informasjon i artikkelen Frådrag for arbeidsreiser – reiser mellom heim og fast arbeidsplass. Forskjellen på arbeidsreise (reise mellom heim og fast arbeidsstad og besøksreiser) og yrkesreise (tenestereise) blir forklart i rettleiinga til postane i sjølvmeldinga.