• Skriv ut
  • Nei, eg reiser ikkje heim i snitt minst kvar tredje veke

Som hovudregel må du reise heim i snitt minst kvar tredje veke for å bli rekna som pendlar, men dersom du har gyldig grunn kan du likevel vere pendlar.

Gyldig grunn for å ikkje reise heim kan til dømes vere...

  • ... at du ikkje er frisk nok til å reise heim. Du må ha ei legeerklæring på at du ikkje kan reise heim.
  •  ... særskilde arbeidsforhold som til dømes pålagte kurs.
  • ... at du har så låg inntekt at du ikkje har råd til å reise heim så ofte.

Lang reiseveg i seg sjølv er ikkje grunn nok til å reise heim sjeldnare.

Du må forklare kvifor du ikkje kan reise heim i snitt minst kvar tredje veke i post 5.0. Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Har du gyldig grunn til å reise heim sjeldnare enn i snitt kvar tredje veke?

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.