• Skriv ut
  • Eigd bustad

Dersom du eig bustaden som blir brukt som pendlarbustad, kan du krevje frådrag for kostnader til faste utgifter som til dømes kommunale avgifter, straum, fellesutgifter dersom bustadbyggelag (renteutgifter ettersom desse blir innrapportert direkte), forsikring og vedlikehald. Utgifter til lån og renter kan ikkje takast med. Frådrag for losji blir gitt etter faktiske kostnader.

Dersom delar av pendlarbustaden blir leigd ut eller bustaden berre blir brukt som pendlarbustad delar av året, får du berre frådrag for den tida du har brukt bustaden sjølv.

Du kan òg få frådrag for utgifter til parkering ved pendlarbustaden.

Utgifter til telefon og breibandsabonnement i pendlarbustaden inngår i staten sine satsar for kost/småutgifter.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Dersom arbeidsgivaren din dekkjer delar av utgiftene dine til losji, får du berre frådrag for dei utgiftene du har betalt sjølv. Beløpet for losji legg du saman med alle beløpa du kan krevje frådrag for når det gjeld kost og losji, og summen fører du i felta for kost og losji i post 3.2.7. Det er lurt å leggje saman alle utgiftene før du fører frådraga.

Døme:

 

Fellesutgifter 6 000 kroner x 12 månader

72 000 kroner

+

Utgifter til straum

7 500 kroner

+

Utgifter til forsikring

4 000 kroner

+

Utgifter til vedlikehald

4 000 kroner

+

Utgifter til leige av garasje

12 000 kroner

-

Det arbeidsgivaren din dekkjer

40 000 kroner

=

Sum utgifter til losji

59 500 kroner

 

 

Kost

44 160 kroner

Sjå kva for frådrag du kan få for kost 

 

 

 

 

Desse kostnadene kan du deretter føre opp i kost- og losjifelta i post 3.2.7 på skattemeldinga.

Logg inn og fyll ut posten i skattemeldinga

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi spør. Husleige dokumenterer du til dømes med bankkvittering/lønnsslipp når den samla utgifta per år er over 10 000 kroner.

Andre frådrag du kan ha krav på:

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.