• Skriv ut
  • Arbeidsgivar dekkjer alle utgifta

Om arbeidsgivaren din dekkjer alle utgifta, har du ikkje krav på frådrag.

Det kan hende du heller må betale skatt fordi du sparer pengar på at arbeidsgivaren din dekkjer kosten din.

Vi bereknar det skattemessige godet ditt ut ifrå kva arbeidsgivaren din rapporterer inn. Satsen for kostinnsparing er 87 kroner døgnet.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje å sende inn dokumentasjonen, men du må kunne leggje den fram om vi spør. Du må kunne dokumentere at du er pendlar, det vil seie:

  1. At du er busett i heimlandet ditt. Dette dokumenteres med stadfesting frå offentleg styringsmakt på din bustedsadresse og kven som er busett der.
  2. Bustadens standard og areal, både for bustad i Noreg og i heimlandet. Dette vert dokumentert med til dømes kjøpe- eller leigekontrakt som viser bustadens standard og størrelse/areal. Areal kan også dokumenteres med tegninger eller målinger av bustadene.

Dokumentasjonen frå det offentlege skal gjelde det aktuelle inntektsåret, ikkje vere eldre enn 6 månader og vere oversatt til norsk eller engelsk av offentleg godkjente translatørar.

Andre frådrag du kan ha krav på:

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.