• Skriv ut
  • 1 Nei, frukost er ikkje inkludert

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Satsen er 710 kroner per døgn. Du må gonge talet på døgn du sov på hotell med satsen. Beløpet legg du saman med alle beløpa du kan krevje frådrag for når det gjeld kost og losji, og summane fører du separat i post 3.2.7 i høvesvis kost- og losji-feltet.

Døme: 

Du søv 200 døgn på hotell.

200 døgn X 568 kroner = 113 600 kroner i kost

Losji 79 358 kroner, Sjå kva for frådrag du kan få for losji

Desse kostnadene kan du deretter føre opp i felta for kost og losji i post 3.2.7 på skattemeldinga.

Dersom arbeidsgivar tilbyr kantine, messe eller kokkelag som serverer frukost, lunsj og middag, og eigenbetalinga minst svarar til marknadsprisen for slik mat, kan du få frådrag etter den lågaste satsen på 200 kroner per døgn.


Logg inn og fyll ut posten i skattemeldinga

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi spør. Dokumentasjon kan vere kvitteringar på opphaldet eller ei stadfesting frå arbeidsgivar om at du har budd på hotell.

Faktiske utgifter

Dersom du har større utgifter enn satsen, kan du krevje frådrag for dei faktiske utgiftene dine.

Andre frådrag du kan ha krav på

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.