• Skriv ut
  • Ja

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Satsen er 200 kroner per døgn. Du må gonge talet på døgn du sov i bustaden med satsen. Beløpet legg du saman med alle beløpa du kan krevje frådrag for når det gjeld kost og losji, og summane fører du separat i post 3.2.7 i høvesvis kost- og losji-feltet.

Døme: 

Du søv 200 døgn i bustaden.

200 døgn X 200 kroner = 40 000 kroner i kost

Losji 79 358 kroner, Sjå kva for frådrag du kan få for losji 

Desse kostnadene kan du deretter føre opp i kost- og losjifelta i post 3.2.7 på skattemeldinga.

Dersom arbeidsgivar tilbyr kantine, messe eller kokkelag som serverer frukost, lunsj og middag, og eigenbetalinga minst svarar til marknadsprisen for slik mat, kan du få frådrag etter den lågaste satsen på 200 kroner per døgn.

Logg inn og fyll ut posten i skattemeldinga

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende inn dokumentasjonen, men du må kunne leggje den fram dersom vi spør. Du må kunne dokumentere:

  1. Du treng ikkje å dokumentere utgifter til kost når du krev frådrag etter den lågaste satsen, 200 kroner per døgn.
  2. At du er gift og/eller har barn under 22 år. Dette dokumenterer du med vigselattest og/eller fødselsattest.
  3. At du bur saman med familien i heimlandet. Dette skal ein dokumentere med ei stadfesting frå offentleg myndigheit på familien si bustadadresse.
  4. Dersom ektefellen din har ei inntekt under ½ G, kan du ha krav på å bli likna i skatteklasse 2. Dette dokumenterer du med ei stadfesting som er utferda av offentlege myndigheiter i heimlandet ditt, på ektefellen din si inntekt for det aktuelle inntektsåret.

Dokumentasjonen frå det offentlege skal gjelde det aktuelle inntektsåret, ikkje vere eldre enn 6 månader og vere omsett til norsk eller engelsk av offentleg godkjende translatørar.

Faktiske utgifter

Dersom du har større utgifter enn satsen, kan du krevje frådrag for dei faktiske utgiftene dine.

Andre frådrag du kan ha krav på

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.