Lønnsarbeid i heimen

  • Skriv ut

Noko lønnsarbeid i heimen er skattefritt. Du kan bruke ei forenkla rapportering for å registrere skattepliktige utbetalingar.

Småjobbar

Dersom du treng hjelp til småoppdrag i heimen, til dømes hagearbeid, snømåking, reinhald og anna arbeid på huset, kan du betale opptil 6 000 kroner i lønn i året per person skattefritt og kvitt.

Eg har betalt under 60 000 kroner i lønn i året

Dersom du betaler over 6 000 kroner, men den samla lønna ikkje overstig 60 000 kroner per år, kan du rapportere inn lønna og rekne ut og betale skattetrekket gjennom det forenkla skjemaet - "Melding om lønna arbeid i heimen". Når lønna ikkje overstig 60 000 kroner slepp du å betale arbeidsgivaravgift. Det er ein føresetnad at arbeidet skjer i heimen, at du betaler som privatperson og at den som utfører jobben ikkje har firma i den same bransjen.

Les meir om lønn under 60 000 kroner i året.

Eg har betalt over 60 000 kroner i lønn i året

Dersom du har betalt ut over 60 000 kroner i lønn for arbeid i heimen som hagearbeid, snømåking, reinhald og anna arbeid på huset, må du betale arbeidsgivaravgift av heile beløpet. Du må då etterutrekne arbeidsgivaravgift av alle lønnsutbetalingane du har gjort etter den forenkla ordninga. Du skal likevel halde fram med å bruke den forenkla meldinga ut året.

Les meir om lønn over 60 000 kroner i året.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.