Døme

Grensa er 60 000 kroner for husstanden

I løpet av eit år pussar Kari og Ole Larsen opp stove og bad i huset sitt. Dei betaler ein dei kjenner til saman 40 000 kroner for å gjere arbeidet. Den same sommaren klipper sonen til naboen graset for dei. Han får 2000 kroner for jobben. På hausten får Ole vondt i ryggen. Han orkar ikkje lenger å vaske golvet. Dei tilset Line Ruud til å gjere det. I løpet av hausten får ho 6000 kroner for vaskinga. Sidan Ole blir frisk att i november, sluttar ho og får utbetalt 612 kroner i feriepengar. Til saman betaler Kari og Ole ut 48 612 kroner i lønn og feriepengar det året. Dei er innanfor grensa på 60 000 kroner. Dei bruker den forenkla meldinga fortlaupande og slepp å betale arbeidsgivaravgift.

Kari og Ole betaler òg for barnepass. Dei har barn under 12 år og har betalt Knut Vang 2000 kroner i månaden dei første seks månadene i året for ei fast ordning med barnepass. Medrekna feriepengar utgjer betalinga til Knut Vang 13 224 kroner. Sjølv om dei samla utbetalingane for husstanden overstig 60 000 kroner, er betalingane fritekne for arbeidsgivaravgift. Fordi lønn for barnepass er friteken for arbeidsgivaravgift, skal ikkje slik lønn reknast med når ein vurderer om beløpsgrensa for plikta til å svare arbeidsgivaravgift er nådd.

Beløpsgrensa (60 000 kroner) for å kunne bruke den forenkla meldinga er overstigen, men sidan husstanden her allereie har begynt å bruke den forenkla meldinga, skal dei likevel halde fram med å bruke denne resten av året. 

Næringsdrivande – innanfor eit anna fagfelt

Kari Hansen hjelper naboen sin, Kjell Nygaard, med å byggje garasje og tek imot 5000 kroner i lønn. Ho har eigen lastebil og driv transportverksemd som næring. Ettersom transportnæringa ikkje er innanfor same fagfelt som byggjebransjen, kan Kjell Nygaard bruke den forenkla ordninga når han betaler ut lønna til Kari Hansen. Kjell Nygaard slepp å betale arbeidsgivaravgift.

Næringsdrivande innanfor same fagfelt

Per Pettersen, som er næringsdrivande tømrar, hjelper til med den same garasjen. Betalinga han får, 5000 kroner, oppfyller ikkje vilkåra for den forenkla ordninga. Dette er inntekt i verksemda hans. Han må sende faktura og rekne meirverdiavgift av beløpet.

Små utbetalingar – skriv ned beløpet

Per Pettersen får ein gut i nabolaget til å måle eit par vindauge på huset sitt. Lønna er 800 kroner. Utbetalinga er skattefri, trekkfri og er ikkje lønnsopplysningspliktig. Han fyller ut og leverer eit eksemplar av meldinga til naboguten, men ventar med å sende ho inn. Per Pettersen passar på å halde oversikt over kor mykje han har betalt ut. Dermed veit han kor mykje guten har att før han når grensa på 6000 kroner. Dersom guten får fleire oppdrag seinare på året og summen av lønn overstig 6000 kroner i løpet av året, sender han inn meldingane for samla lønn. Han har òg kontroll på korleis han sjølv ligg an med tanke på grensa på 60 000 kroner for å få fritak for arbeidsgivaravgift.