Kort om arbeid i heimen sett frå arbeidstakarsida

I denne brosjyren har vi først og fremst sett på privat arbeid i heimen sett frå arbeidsgivarsida. Vi skal her kort omtale nokre forhold som er viktige for den som skal utføre arbeidet eller oppdraget.

Ordna forhold kan gi større tryggleik og økonomiske fordelar

For den som utfører lønna arbeid i eller i tilknyting til arbeidsgivaren sin heim, gir det fordelar å ha eit ordna og lovleg arbeidsforhold. For det første gir det større tryggleik for arbeidstakaren, ettersom registrert inntekt kan gi økonomiske fordelar ved mellom anna oppseiing. Det kan òg gi trygderettar som sjukepengar og opptening av pensjonspoeng. Det er elles viktig at ein er med og betaler den skatten ein er pliktig til og dermed betaler sin del av fellesgoda i samfunnet.

Særskilt om utanlandske arbeidstakarar / au pair

Du blir vanlegvis medlem i den norske folketrygda frå og med første arbeidsdag. Forhøyr deg med NAV om reglane for dette, og kva for andre rettar du har i trygdesystemet.

Første gong du skal bestille skattekort må du møte på skattekontoret for å legitimere deg. Du må leggje fram gyldig pass eller anna identitetsdokument som er godkjent som reisedokument innanfor EU. Nordiske statsborgarar kan leggje fram gyldig førarkort og ei utskrift frå folkeregisteret i den enkelte staten som ikkje er eldre enn tre månader. Dersom du ikkje har fødselsnummer/D-nummer frå før, får du tildelt det. Nummeret står på skattekortet og blir brukt til å identifisere deg hjå offentlege styresmakter.

Sjå Informasjon til utanlandske arbeidstakarar: Om skatt, skattekort og skattemelding- om du vil ha meir informasjon. NAV og skattekontoret kan gi deg nærmare opplysningar.

Rettar i eit tenesteforhold

Merk at det går ein viktig skil mellom enkeltståande oppdrag og arbeid som er utført i eit tenesteforhold. I det siste tilfellet kan du ha krav på feriepengar frå arbeidsgivaren og sjukepengar dersom du blir sjuk. Arbeidstilsynet kan gi nærmare informasjon om reglane for ferie og feriepengar. NAV kan gi nærmare informasjon om reglane for sjukepengar.

Mange 6000-kroners oppdrag kan bli skattepliktig verksemd

Vilkåra for å ta imot lønn etter den forenkla ordninga for arbeid i heimen til arbeidsgivaren er omtalte tidlegare i brosjyren.
Utbetalingar på inntil 6000 kroner totalt frå éin arbeidsgivar i same inntektsår er ikkje skattepliktig inntekt og skal ikkje førast i skattemeldinga. Beløpsgrensa gjeld for husstanden, fordi betalingar for private arbeidsoppdrag knytte til heim eller fritidsbustad normalt blir rekna som utbetalte på vegner av husstandsfellesskapet. Tek du imot 6000 kroner frå mannen i huset og deretter får ei utbetaling frå kona seinare det same året, blir lønna skattepliktig.

Grensa på 6000 kroner for skattefri lønn gjeld ikkje dersom du tek imot betalinga som ledd i næringsverksemd. Utfører du mange handverksoppdrag eller reinhaldsoppdrag osv. hos ulike arbeidsgivarar, kan dette bli rekna som næringsverksemd. Dersom du tek imot betaling for oppdrag i så stort omfang at det må reknast som næringsverksemd, skal du registrere deg som næringsdrivande, og alle inntektene skal førast i rekneskapen for næringsdrifta. Kontakt skattekontoret dersom du er i tvil.

Ikkje drive næring innan same fagfelt

Merk at for at du skal kunne ta imot lønn etter den forenkla ordninga, kan du ikkje vere sjølvstendig næringsdrivande innan det same fagfeltet som oppdraget gjeld. 

Vidare kan du ikkje ta på deg privat arbeid via avtalar som er inngått med den ordinære arbeidsgivaren din. Dersom firmaet du arbeider i, lagar ei ordning slik at dei tilsette tek firmaet sine oppdrag som private oppdrag i heimen, blir dette sett på som ei illojal omgåing av skattereglane. Til dømes kan ikkje eit entreprenørfirma late sine tilsette ta ein del av entreprisen privat for å spare arbeidsgivaravgift og meirverdiavgift. Skattemyndigheitene kan setje til side slike ordningar.

Ta vare på meldingane om lønna arbeid i heimen

I eit ordinært arbeidsforhold får du lønnsslipp for kvar lønning og ei samanstilling over det du har tent, i januar året etter inntektsåret. Etter den forenkla ordninga skal arbeidsgivar gi deg eit eksemplar av den forenkla meldinga kvar gong du får utbetalt lønn. Du får derimot ikkje noka samanstilling i januar året etter inntektsåret. Lønn som er rapportert inn til Skatteetaten i den forenkla meldinga, blir teken med i skattemeldinga di. Dersom beløpet manglar i sjølvmeldinga, eller dersom det er feil, må du føre opp rett beløp. Derfor må du ta godt vare på ditt eksemplar av dei forenkla meldingane, slik at du veit kva du har fått utbetalt i løpet av året. Meldingane er beviset ditt på kor mykje forskotstrekk som er gjort av lønna. Beløp som er trekte i skatt, skal kome til frådrag i fastsett skatt ved skatteavrekninga.