Kort om nokre andre arbeidsgjevarplikter

Tenesteforhold eller oppdrag?

Det går ein viktig skil mellom lønn som er utbetalt for enkeltståande oppdrag, og lønn for arbeid som er utført i eit tenesteforhold. Dersom arbeidet er av fast og varig karakter, typisk reinhaldshjelp i huset som kjem på faste dagar, er det å rekne for eit tenesteforhold. Tilfeldige og enkeltståande oppdrag er ikkje eit tenesteforhold. Plikta til å betale feriepengar og sjukepengar følgjer grensa mellom tenesteforhold og oppdrag, men har ingenting å seie for skatt og arbeidsgivaravgift. Sjå meir om grensa mellom arbeidstakar og ikkje-tilsett arbeidstakar (frilansar) i brosjyren Arbeidstaker eller næringsdrivende?

Feriepengar

Lønn for enkeltståande oppdrag gir ikkje grunnlag for feriepengar. Er arbeidet gjort i eit tenesteforhold, har arbeidstakaren krav på feriepengar. Feriepengane utgjer normalt 10,2 prosent av lønna i oppteningsåret. Oppteningsåret er året før ferieåret. Feriepengane skal utbetalast til arbeidstakaren før han eller ho tek ut ferien. Dersom dei blir utbetalte i ferieåret, skal du ikkje trekkje skatt av feriepengane. Blir arbeidsforholdet avslutta i oppteningsåret, skal du utbetale feriepengane med ein gong. Då må du trekkje skatt etter skattekortet. Du må i begge tilfella føre opp feriepengane og levere den forenkla meldinga. Arbeidstilsynet kan gi meir informasjon om reglane for ferie og feriepengar. Skatteoppkrevjaren kan gi meir informasjon om trekkreglane.

Sjukepengar

Lønn som er utbetalt for enkeltståande oppdrag, gir ikkje plikt til å betale sjukepengar. Når arbeidet er utført i eit tenesteforhold, skal du betale sjukepengar til arbeidstakaren dei første 16 kalenderdagane av ein sjukefråværsperiode. Dette gjeld likevel ikkje dersom arbeidstakaren ikkje hadde arbeid før dette arbeidsforholdet og blir sjuk før det er gått fire veker i den nye jobben. NAV kan gi nærmare informasjon om reglane for sjukepengar. Frå og med den 17. dagen får arbeidstakaren sjukepengar frå NAV.

Fri kost og losji

Dersom arbeidstakaren i tillegg til lønna har fri kost og losji, skal verdien av dette takast med i lønna i den forenkla meldinga når du reknar ut skattetrekket. Skattedirektoratet fastset satsane kvart år i desember.