Lønsarbeid i heimen – enklare og billegare

Eit ordna skatte- og arbeidsforhold

Spesielle skattereglar gjer det enklare og billigare å engasjere privatpersonar til arbeid i heimen eller på fritidseigedomen til arbeidsgivar (oppdragsgivar), til dømes hagearbeid, arbeid på huset eller hytta, reinhald og anna husarbeid.

På visse vilkår slepp du å betale arbeidsgivaravgift.

Det er òg utarbeidd ei forenkla melding som gjeld både betaling av skattetrekk og som lønnsslipp.

Lønna er på vanleg måte skattepliktig for mottakaren. Sjå likevel omtalen seinare i brosjyren om at lønn på til og med 6000 kroner i året til éin person er skattefri.

Utanlandske arbeidstakarar er skattepliktige for lønna etter dei same reglane som norske arbeidstakarar. Dette gjeld òg arbeidstakarar med arbeidsløyve i Noreg etter den særskilde ordninga for au pair.

Dei forenkla reglane gjeld ikkje når du engasjerer eit firma eller ein næringsdrivande.

Fordelar med ordna forhold

Det gir større tryggleik når arbeidsforholdet blir gjennomført på ein lovleg måte og arbeidet skjer under ordna forhold. Arbeid i private heimar kjem på denne måten på lik linje med anna arbeid. For den som utfører arbeidet (arbeidstakaren), er det ofte ein fordel å ha eiga registrert inntekt. Det kan verke inn på utbetalingar frå folketrygda, mellom anna sjukepengar. Arbeidstakaren vil òg kunne opparbeide seg pensjonspoeng.

Oppbygginga av brosjyren

I denne brosjyren har vi først og fremst omtalt reglane sett frå arbeidsgivaren si side. Deretter tek vi opp forhold som er av spesiell interesse for arbeidstakaren. Til slutt har vi laga nokre døme på den praktiske verknaden reglane har.

Fleire opplysningar

Du finn fleire opplysningar om den forenkla ordninga på skatteetaten.no. Skattekontoret, skatteoppkrevjarkontoret (også kalla kemneren eller kommunekasseraren) og NAV (Arbeids- og velferdsetaten) i kommunen din kan òg gi fleire opplysningar.