Opp til 6 000 kroner i året er skattefritt

Betaler du ut lønn på 6000 kroner eller mindre i løpet av eitt år til ein person, er denne lønna skattefri for vedkomande. Skattefritaket gjeld for alle typar arbeid i heimen når det ikkje er utført som ledd i næringsverksemd. Du kan då utbetale lønna utan å trekkje skatt. Du skal likevel fylle ut og levere eit eksemplar av den forenkla meldinga til arbeidstakaren for kvar utbetaling, men du velger sjølv om du vil sende en til skattestyringsmakta. Så lenge lønna er på 6 000 kroner eller mindre på eitt år frå samme arbeidsgivar, skal skattestyringsmakta ikkje utrekne skatt av dette. Arbeidstakaren må sjekke om lønn under kr 6 000 for ein småjobb likevel er blitt utfylt som skattepliktig inntekt i skattemeldinga for 2016. Isåfall må beløpet strykes i post 2.1.1. Rettelsen er nødvendig for at arbeidstakar skal unngå at lønna blir skattlagt. 

Fleire små utbetalingar til same person kan årleg utgjere meir enn 6000 kroner totalt. Dersom lønna til arbeidstakaren i løpet av året overstig denne beløpsgrensa, blir den samla betalinga skattepliktig og skal rapporterast inn som lønn. Då må du sende inn alle dei utfylte meldingane som ikkje er sende inn tidlegare.

Beløpsgrensa på 6000 kroner per person (mottakar) gjeld for husstanden. Det kjem av at betalingar for private arbeidsoppdrag knytte til heim eller fritidsbustad normalt blir rekna som utbetalte på vegner av husstandsfellesskapet. Husstandsmedlemer kan dermed ikkje kvar for seg utbetale 6000 kroner til ein og same person og samtidig krevje å sleppe å levere den forenkla meldinga. Det kan likevel tenkjast unnatak der det er utbetalt vederlag for arbeid på ein frittståande bygning som ein av husstandsmedlemene har eksklusiv råderett over, og som inngår i heimen/fritidsbustaden til vedkomande. Her vil beløpsgrensa på 6000 kroner gjelde særskilt for denne husstandsmedlemen.

Skattefritaket for lønn opptil 6000 kroner per person (mottakar) er ei sjølvstendig ordning åtskilt frå arbeidsgivaravgiftsfritak for lønnsutbetaling opptil 60 000 kroner per husstand. Du skal derfor også rekne ut arbeidsgivaravgift av utbetalingar under 6000 kroner når den samla lønna til fleire arbeidstakarar i løpet av året utgjer meir enn 60 000 kroner. Lønn for arbeid som ikkje fell inn under den forenkla ordninga, utløyser òg arbeidsgivaravgift, sjølv om lønna er skattefri pga. storleiken på beløpet.