Når skal du sende inn a-melding?

Når dei samla lønnsutbetalingane til ein person i løpet av året er høgare enn 1000 kroner, skal du sende inn a-melding. A-meldinga skal sendast inn elektronisk (eller på papir) minst ein gong i månaden. Du skal sende inn a-meldinga seinast den 5. i månaden etter utbetaling av lønn eller ytingar.

Dersom lønnsutbetalingane gjeld arbeid i tilknyting til heimen eller fritidsbustaden til deg som er arbeidsgivaren, må du sende inn Melding om lønna arbeid i heimen når lønnsutbetalingane til arbeidstakaren overstig 6000 kroner. Meldinga skal sendast samtidig med at du betaler ut lønna til arbeidstakaren. Har du trekt skatt av eit beløp som er friteke for innrapportering, må du som arbeidsgivar likevel sende inn a-melding. Du skal då rapportere forskotstrekk, men ikkje lønna.