Småjobbar og tenester

  • Skriv ut

Inntekt frå lønna arbeid er skattepliktig. Reglane om skattefritak på somme typar småjobbar er meint som ei forenkling for oppdragsgivarane, og ikkje utan vidare for at oppdragstakarar skal få inntekt som ikkje skal skattleggjast.

For at du skal kunne ta imot lønn etter den forenkla ordninga, kan du ikkje vere sjølvstendig næringsdrivande innan det same fagfeltet som oppdraget gjeld. 

For arbeidsoppdrag som ikkje er i arbeidsgivaren sin heim, er grensa for skattefri lønn kr 1 000 per år. Skattefritaket er utvida til kr 6 000 i dei tilfella der lønnsmottakaren utfører arbeid i heimen eller fritidsbustaden til betalaren.

Les meir og test om dette er aktuelt for deg på handlehvitt.no

Småjobbar kan bli til verksemd

Utfører du mange oppdrag hjå ulike arbeidsgivarar, kan dette bli vurdert som verksemd. Dersom du tek imot betaling for oppdrag i så stort omfang at det må reknast som verksemd, skal du registrere deg som næringsdrivande, og alle inntektene skal førast i rekneskapen for verksemda. Då kan det òg vere at verksemda er meirverdiavgiftspliktig.

Kontakt oss via e-post eller ring oss på 800 80 000 dersom du er i tvil. Dersom aktiviteten er meir av ein hobby, blir som oftast fleire moment inkludert i den konkrete vurderinga, til dømes om ein har inntekt frå anna arbeid. I regelverket er det ikkje ei beløpsgrense for når ein aktivitet blir til verksemd. Det blir alltid i kvart einskild tilfelle ei konkret vurdering av om den samla aktiviteten oppfyller dei generelle vilkåra for å drive verksemd.

Har du teke imot lønn frå småjobbar? Sjekk skattemeldinga

Dersom arbeidsgivaren din har sendt a-melding til Skatteetaten om lønn for arbeid i heimen under 6 000 kroner, eller lønn frå skattefrie organisasjonar under 10 000 kroner (frå 2016), kan beløpet likevel vere utfylt i skattemeldinga di i post 2.1.1 som skattepliktig inntekt.

Då må du stryke beløpet i post 2.1.1. Rettinga er nødvendig for at du skal unngå at lønna blir skattlagt. Du kan dermed ikkje dra nytte av leveringsfritaket for skattemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.