Når arbeidsgivaren står for reisa

  • Skriv ut
Dersom arbeidsgivaren står for heile eller delar av reisa mellom heim og fast arbeidsplass, og du ikkje blir skattlagd for fordelen ved dette, kan du ikkje krevje frådrag for denne strekninga.

Arbeidsgivaren ansast å sørgja for transporten i alle tilfelle der arbeidstakaren reiser gratis eller med rabatt, med transportmiddel arbeidsgivaren eigar, leier eller på annan måte disponerer.

Dette vil gjelde til dømes tilsette i busselskap som reiser gratis med den rutegåande bussen til arbeidsgivaren til og frå arbeid, eller viss arbeidsgivaren leiger buss for å køyre arbeidstakarar til og frå den faste arbeidsplassen. Der fleire transportselskap gjer avtale om å stå for transport av kvarandre sine tilsette, reknast også dette som om arbeidsgivaren står for transporten. Det gjeld til dømes for tilsette i flyselskap som reiser med fly som tilhøyrer eit anna flyselskap.

Kombinerer du eigentransport og transport som arbeidsgivaren står for, kan total reisestrekning bli lengre enn om du ikkje hadde nytta deg av transporttilbodet til arbeidsgivaren. Blir du skattlagd for fordelen ved transporten som arbeidsgivaren står for, kan du likevel berre krevje frådrag for kortaste reiseveg mellom heim og fast arbeidsplass.

Betaler du noko for reisa som arbeidsgivaren ordnar med, får du frådrag for det du har betalt avgrensa oppover til 1,50 per km.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.