Sluttvederlag

  • Skriv ut

Utbetalingar frå arbeidsgivar er normalt skattepliktig inntekt, og det gjeld også sluttvederlag/sluttpakkar.

Fram til 31. desember 2015 var det nokre unnatak frå skatteplikta for tariffesta sluttvederlag og tilleggssluttvederlag, dvs.sluttvederlag utbetalt etter overeinskomst mellom hovudsamanslutningar for arbeidsgivarar og arbeidstakarar ved ufrivillig oppseiing. Skattefritak har òg vore gitt for ikkje-tariffesta sluttvederlag som klart har vore av same art som dei tariffesta, dvs. med tilsvarande krav til beløp, tenestetid og arbeidstakar sin alder.

Skattefritaket falle bort frå 1. januar 2016 for tariffesta sluttvederlag og tilleggssluttvederlag og tilsvarande ikkje-tariffesta sluttvederlag når arbeidstakaren oppfylte vilkårene for å motta slik sluttvederlag først etter 31. desember 2015.

Det vil seie at sluttvederlag (tariffesta og ikkje-tariffesta) utbetalt etter 1. januar 2016, dermed er skattepliktig som arbeidsinntekt.

Dersom arbeidstakaren oppfylte før 1. januar 2016, vilkårene for å motta tariffesta sluttvederlag, er sluttvederlaget likevel skattefritt etter skattelova § 5-15 første ledd bokstav a slik fritaksbestemmelsen lød før den blei oppheva, uavhengig av om utbetalinga skjer etter 1. januar 2016. Tilsvarande skattefritak etter bestemmelsen slik den lød før opphevinga gjeld når arbeidstakaren før 1. januar 2016 har avtale om utbetaling av tariffesta tilleggssluttvederlag med sin arbeidsgjevar, sjølv om utbetalinga skjer etter 1. januar 2016.

Om skattenivået

Lønnsinntekta blir rekna som alminneleg inntekt (samla inntekt, t.d. lønn, pensjon, renter, utleigeinntekter, etter frådrag for kostnader). Skatt på alminneleg inntekt er 25 prosent for 2016 (for 2017 er skattesatsen 24 prosent).

I lønnsinntekt blir det rekna ut trinnskatt frå og med inntektsåret 2016. (Reglane om trinnskatt erstattar reglane om toppskatt).

I dei to øvste inntektsintervalla er skattesatsen 10,7 og 13,7 prosent. Det blir også rekna ut trygdeavgift av lønnsinntekta med 8,2 prosent.

Den høgast mogelege skatten på utbetalt sluttvederlag vil for 2016 vere 46,9 prosent.

Arbeidsgivar skal trekkje skatt på sluttvederlag som for vanleg arbeidsinntekt, etter skattekortet til arbeidstakaren.

Du finn meir detaljerte opplysningar om sluttvederlag/sluttpakke i Skatte-ABC.

Spørsmål om vilkår for rett til dagpengar frå folketrygda ved opphøyr av arbeidsforhold og motteke sluttvederlag må rettast til Nav.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.