Litt om skattlegging på fastlandet ved opphald på Svalbard

Når du flyttar frå fastlandet til Svalbard held du som hovudregel fram med å ha skatteplikt etter bustad til fastlandet under heile opphaldet på Svalbard. Slik dobbel busetjing inneber at ein ikkje skal avkorte dei standardiserte frådraga som blir gitt ved skattlegging til fastlandet. Ein skal til dømes ikkje avkorte minstefrådrag, personfrådrag og i fribeløp for toppskatt. Det skal givast fullt fribeløp ved utrekning av formuesskatt også på fastlandet.

Når du flyttar til Svalbard skal inntekt og frådrag fordelast mellom Svalbard og fastlandet. Alle inntekter som er opptente før flytting til Svalbard er skattepliktige til fastlandet, dette kan vere lønn, pensjon, renteinntekter, utbytte o.a.

Under opphaldet på Svalbard er du skattepliktig til fastlandet for inntekter og formue som er opptent der. Dette er vanlegvis inntekter og formue av fast eigedom, ev. lønnsinntekt eller næringsinntekt opptent på fastlandet.

Det skal givast fullt frådrag for pantelån og renter av pantelån knytte til fast eigedom på fastlandet. Eit eventuelt underskot som oppstår i likninga kvar einskild år skal akkumulerast og kan førast til frådrag i framtidige inntekter på fastlandet.

Dersom skatteplikta til Svalbard opphøyrer frå 1. januar i utflyttingsåret, er du i utflyttingsåret skattepliktig etter bustad til fastlandet, og kunne ha avgrensa skatteplikt til Svalbard. Dette vil til dømes seie at motteken pensjon, kapitalinntekter og kapitalgevinstar skal skattleggjast til fastlandet for heile utflyttingsåret. Dersom reglane i Svalbardskattelova om avgrensa skatteplikt til Svalbard i somme periodar ikkje blir overhalde, skal lønn som er opptent i desse periodane skattleggjast til fastlandet.