Frådrag for kostnader til doktorgrad

  • Skriv ut

Når du tek doktorgrad, har du rett på frådrag for utgifter i samband med trykking, reising og doktorgradsmiddag.

For doktorgradsmiddag etter disputas kan du trekkje frå inntil 24 450 kroner, men maks. 1 227 per kuvert (satsar for inntektsåret 2016), dersom du ikkje kan dokumentere høgare kostnader.

Du får berre frådrag for middagen til rettleiarar, opponentar og liknande. Det blir ikkje gitt frådrag for mat til familie og venner.

Frådrag for kostnader til doktorgrad kjem i tillegg til minstefrådraget.

Frådraget skal førast i post 3.3.7 Andre frådrag i skattemeldinga.

Du må kunne dokumentere frådraget med kvitteringar og namneliste over deltakarane dersom skattekontoret ber om det.


Kvifor har eg ikkje fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga?

Det kan vere fleire årsaker til at du ikkje har fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.