Ikkje oppgitt inntekt og/eller formue i utlandet

  • Skriv ut

Har du inntekt og/eller formue i utlandet som du ikkje har oppgitt til Skatteetaten tidlegare, kan du unngå tilleggsskatt ved å ta i bruk frivillig retting (såkalla skatteamnesti). Dei siste åra har skatteetaten hatt vesentleg fleire førespurnader om frivillig retting. Dette har ført til 1,5 milliardar kroner meir til den norske velferdsstaten, og kvar einskild har fått rydda opp i økonomiske forhold.

Kva må du gjere?

Du må gi fullstendige opplysningar om formuen og/eller inntekta og kvar denne kjem frå. Opplysningane sender du inn via opplysningsskjemaet for frivillig retting som du finn nedst på denne sida. Legg ved dokumentasjon (sjå oversikta over dokumentasjonskrav i avsnitta nedanfor.) Skjemaet skal sendast via Skatteetaten sitt kontaktskjema i Altinn.

Det er òg mogeleg å ettersende denne dokumentasjonen. Du kan sende brev eller e-post til Skatteetaten, dersom du ikkje nyttar opplysningsskjemaet. Merk sendinga "Frivillig retting".

Har du fleire spørsmål?

Kontakt oss på chat eller på eit eige telefonnummer: 31 01 00 30. Her kan du snakke med rettleiarar som har særskilt kompetanse på frivillig retting.

Kva er frivillig retting?

Frivillig retting, såkalla skatteamnesti, er når du rettar eller utfyller opplysningar som ikkje er gitte eller lagde til grunn tidlegare, slik at ein kan fastsetje rett skatt. Dette gjeld ikkje dersom rettinga er framkalla av eit kontrolltiltak som er eller kjem til å bli sett i verk, eller dersom skattestyresmaktene rettar fastsettinga på grunnlag av opplysningar som kom frå andre enn deg. Tidlegare pålagt tilleggsskatt fell ikkje bort. Det er eit vilkår at du ved rettinga gir fullstendige og korrekte opplysningar. Du må òg gi opp opplysningar om korleis formuen/inntekta har oppstått.

Dersom vilkåra for frivillig retting er oppfylte, endrar skattekontoret fastsettinga og sender ut nye skatteoppgjer. Du får ikkje tilleggsskatt, men det blir rekna ut renter av den skatten du skulle ha betalt. Skatteetaten melder ikkje forholdet til politiet.

Kor mange år kan endrast?

Skattekontoret kan endre fastsettinga opp til 10 år tilbake i tid. Dette gjeld òg som ein hovudregel når det er arvingane til den skattepliktige eller bustyraren for den skattepliktige sitt bu som tek kontakt.

Her kjem oversikta over ulike inntekts- og formuestypar

Nedanfor finn du informasjon om korleis du skal oppgi dei ulike inntekts- og formuestypane og kva du bør ta omsyn til.

Har du bankkonto i utlandet?

Dersom du har ein vanleg innskotskonto, er renteinntektene skattepliktige. Du kan be banken sende deg ei eiga oppgåve over inntektene.

For vanlege renteinntekter og bankinnskot må du fylle ut skjema RF-1231. 

Skatteetaten godtek ikkje at du berre oppgir endringa av formuen frå 1. januar til 31. desember for å kome fram til skattepliktig inntekt for det enkelte året. 

Dersom beløpa i bankoppgåvene er i utanlandsk valuta, må du rekne om den utanlandske valutaen til norske kroner. Du finn meir informasjon her

Har du aksjar eller verdipapir i utlandet?

Har du ein meir samansett formue (til dømes verdipapir som aksjar, obligasjonar og liknande) som er forvalta av ein bank/finansinstitusjon, må du oppgi både avkastninga av heile formuen og gevinstar/tap av dei verdipapira du har realisert. Avkastning og gevinstar er skattepliktige, og tap gir rett til frådrag. Det er ikkje alle bankar/forvaltarar i utlandet som lagar oppstillingar over gevinstar/tap. Då må du sjølv rekne ut gevinst/tap med utgangspunkt i dei oppgåvene du har fått frå banken/forvaltaren. Gevinsten/tapet skal reknast ut etter dei norske skattereglene. Du finn meir informasjon under Skatteetaten sine aksjesider.

Dersom du har inntekt frå utbytte, må du fylle ut skjema RF-1059 for dei utanlandske aksjane eller verdipapirfonda. Du kan be den utanlandske finansinstitusjonen om å sende deg ei eiga oppgåve over inntektene dine. Dersom du har verdipapirfond investert i både aksjar og rentepapir (kombinasjonsfond) eller fond som berre er investert i rentepapir skal du føre rentedelen av gevinst i verdipapirfondet. Du må òg føre opp inntektene av obligasjonar og lån.

Du må i tillegg opplyse om formuesverdien per 31.12. for kvart inntektsår du har hatt utanlandske aksjar, partar i verdipapirfond, uteståande krav, obligasjonar og/eller kapitalforsikring og andre finansprodukt.

Krev du frådrag for skjerming?

Frå og med inntektsåret 2006 kan du krevje frådrag for skjerming ved fastsetjing av skattepliktig aksjeutbyte og/eller gevinst. Krev du skjermingsfrådrag, må du fylle ut skjema RF-1059.

Har du teke imot lønn frå utlandet?

Du må oppgi lønnsinntekt for arbeid utanfor Noreg i den norske skattemeldinga. Slik inntekt er ofte skattlagd i det landet arbeidet er utført i. Sjølv om lønnsinntekta er skattlagd i arbeidslandet, skal denne også skattleggjast i Noreg eller takast med i utrekninga av norsk skatt på dei andre inntektene dine. Når lønna skal skattleggjast i Noreg, får du frådrag for skatt du har betalt i arbeidsstaten (avgrensa til den norske skatten på utanlandsinntekta). For å få frådrag for utanlandsk skatt, må du fylle ut skjemaet Frådrag for skatt betalt i utlandet av person – kreditfrådrag (RF 1147). Når lønna berre skal takast med i utrekninga av norsk skatt på dei andre inntektene dine, må du fylle ut skjemaet Nedsetjing av inntektsskatt på lønn (RF 1150).

Dersom du har lønn som er skattlagd i eit anna nordisk land, eller du krev å få sett ned skatten etter eittårsregelen (skattelova § 2-1 tiande ledd), må du fylle ut skjemaet Nedsetjing av inntektsskatt på lønn (RF 1150).

Det gjeld særskilde reglar for grensegjengarar og enkelte andre arbeidstakargrupper, til dømes sjømenn, flygande personell, sokkelarbeidarar og offentleg tilsette.

Har du teke imot pensjon og/eller uføreytingar frå utlandet?

Du må gi opp pensjon og uføreytingar du har fått utbetalt frå andre land, i den norske skattemeldinga. Slik pensjon/uføreyting er ofte skattlagd i utbetalingslandet. Sjølv om pensjonen/uføreytinga er skattlagd i utbetalingslandet, skal ein i dei fleste tilfelle også skattleggje desse i Noreg. Når pensjonen/uføreytinga skal skattleggjast i Noreg, får du frådrag for skatt betalt i utbetalingslandet (avgrensa til den norske skatten på utanlandsinntekta di). For å få frådrag for utanlandsk skatt må du fylle ut Frådrag for skatt betalt i utlandet av person – kreditfrådrag (RF 1147).

Har du pensjon/uføreyting frå utlandet som ikkje skal skattleggjast i Noreg, må du likevel gi opplysningar om type pensjon, beløp og kva for land ytinga blir utbetalt frå. Skattefrie alderspensjonar verkar inn på utrekninga av skattefrådrag for pensjonsinntekt frå 2011 og trygdeavgifta. 

Har du fast eigedom i utlandet?

Formue i, inntekt frå og gevinst ved sal av fast eigedom i utlandet er i utgangspunktet skattepliktig i Noreg. Du må alltid opplyse om fast eigedom i utlandet og gjere greie for inntekt og liknande, og om korleis bruken av eigedomen har vore.

Formuesverdi

Formue i fast eigedom i utlandet er i utgangspunktet skattepliktig i Noreg. Eigedomen kan likevel vere unnateken frå formuesskatteplikt etter skatteavtalen med det landet eigedomen ligg i. Du må gi opplysningar om all formue i fast eigedom i utlandet (land, matrikkelnummer, anskaffingsdato, kostpris og liknande). Du må i tillegg rekne ut likningsverdien tilbake i tid for kvart av åra du har hatt eigedomen. 

Sjå meir om eigedom i utlandet.

Inntekt frå fast eigedom i utlandet

Inntekt frå fast eigedom i utlandet er i utgangspunktet skattepliktig i Noreg. Inntekta kan likevel vere unnateken frå skatteplikt etter skatteavtalen med det landet eigedomen ligg i. 

Når inntekt frå fast eigedom i utlandet er skattepliktig i Noreg etter skatteavtalen, skal inntekta fastsetjast etter norske reglar. Eigen bruk av bustad/fritidsbustad i utlandet er skattefri på same måten som når bustaden/fritidsbustaden ligg i Noreg. Har du leigeinntekter av fast eigedom i utlandet, må du fylle ut og levere skjemaet Utleige m.m. av fast eigedom" (RF‑1189). Det gjeld spesielle reglar for skog- og landbrukseigedomar.

Dersom inntekta frå den faste eigedomen er skattepliktig i Noreg, kan du krevje frådrag i norsk skatt for den utanlandske skatten på inntekta. Krev du frådrag for utanlandsk skatt, må du dokumentere at du har betalt skatt i utlandet. Du må òg fylle ut og levere skjemaet Frådrag for skatt betalt i utlandet av person – kreditfrådrag (RF‑1147).

Gevinst eller tap ved sal av fast eigedom i utlandet

Gevinst eller tap når ein realiserer fast eigedom i utlandet er i utgangspunktet skattepliktig eller frådragsgivande til Noreg, slik som det hadde vore om eigedomen var i Noreg.

Gevinsten kan òg vere unnateken frå skatteplikt etter skatteavtalen med det landet eigedomen ligg i. Når ein gevinst er skattefri etter intern rett eller skatteavtale, har du ikkje rett til frådrag for tap.

Når ein gevinst ved realisasjon av fast eigedom er skattepliktig til Noreg, skal gevinsten eller tapet fastsetjast etter norske reglar. Du må gi opplysningar om eigedomen og om korleis du har rekna ut gevinsten eller tapet. 

Dersom gevinsten er skattepliktig i Noreg, kan du krevje frådrag i norsk skatt for den utanlandske skatten på gevinsten. Krev du frådrag for utanlandsk skatt, må du dokumentere at du har betalt skatt i utlandet.

Du må òg fylle ut og levere skjemaet Frådrag for skatt betalt i utlandet av person – kreditfrådrag (RF‑1147).

Har du betalt skatt i utlandet?

Når den utanlandske formuen og/eller inntekta er skattlagd i utlandet og du krev frådrag i den norske skatten for den skatten du har betalt i utlandet, må du leggje ved dokumentasjon som viser kva skatt som er endeleg fastsett og betalt i utlandet. Du må òg fylle ut og leggje ved skjemaet Frådrag for skatt betalt i utlandet av person – kreditfrådrag (RF 1147). Dersom den utanlandske skatten er mangelfullt dokumentert, tilrår vi at du gir opplysningar om korleis du har betalt skatten. 

Kva for skattar kan du krevje frådrag for?

Det kan bli gitt kreditfrådrag for utanlandsk skatt som

  • er ein direkte skatt, det vil seie utanlandsk inntektsskatt, formuesskatt eller tilsvarande skatt.
  • er fastsett på formue eller inntekt med kjelde i vedkomande stat.
  • ikkje overstig den skatten som kjeldestaten kan krevje i samsvar med ein skatteavtale.
  • er endeleg fastsett, t.d. ved utbetalinga eller ved ordinær fastsetting i utlandet, og er betalt.

I staden for kreditfrådrag kan du krevje frådrag i inntekt for dei same utanlandske skattane.

Har du betalt skatt på lønn som du har tent ved arbeidsopphald i utlandet, kan du krevje nedsett skatt. Bruk skjemaet "Nedsetting av inntektsskatt på lønn" (RF 1150).

Omrekning frå utanlandsk valuta til norske kroner

Alle beløpa ein fører inn i opplysningsskjema eller vedlegg skal reknast om til norske kroner.

Personar som ikkje er årsrekneskapspliktige, kan rekne om inntekter og utgifter etter valutakursen på transaksjonstidspunktet eller etter ein årleg gjennomsnittskurs.

Skattytarar med årsrekneskapsplikt skal som hovudregel bruke kursen på transaksjonstidspunktet, men kan velje å bruke månadlege gjennomsnittskursar når det er i samsvar med norsk rekneskapsrett.

For å rekne om verdien på formue og gjeld, nyttar ein kursen per 1. januar for det året sjølvmeldinga skal leverast. Dersom det ikkje ligg føre noteringar for den aktuelle valutaen 1. januar, kan du bruke den siste noterte kursen i året før året når sjølvmeldinga skal leverast.

Valutakursane er tilgjengelege på Noregs Bank sine heimesider.

Avtalar om utveksling av informasjon med andre land

Noreg har skrive under på ei rekkje avtalar om utveksling av informasjon i skattesaker med land. Det er både avtalar om automatisk utveksling, individuelle skattesaker, meirverdiavgift og land-for-land-rapportering. Noreg har inngått avtalane med fleire land for å motverke skatteunndragingar og internasjonal skattekriminalitet. Avtalane fører til at Skatteetaten får ei rekkje opplysningar om norske skattepliktige sin finansielle formue og verdiar i utanlandske finansinstitusjonar, og om utanlandsk inntekt den skattepliktige har frå utanlandske skattestyresmakter. Dette gir Skatteetaten også høve til å hente inn mellom anna opplysningar frå bankar og finansinstitusjonar, og om kven som står bak selskap som er etablerte der. Sjå oversikta over landa som Noreg har inngått avtale med her

Skjema for Frivillig Retting

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.