Slik fører du BSU

  • Skriv ut

Skattemeldinga

Ein skal ha teke omsyn til informasjonen om BSU-kontoen din, det samla og årlege sparebeløpet, i den førehandsutfylte skattemeldinga di. Den du har inngått ein spareavtale med, skal rapportere opplysningane til Skatteetaten. Sjølve BSU-innskotet ditt er oppført saman med ein eventuell annan formue og renteinntekter i skattemeldinga di. Sjølve BSU-frådraget går fram av skatteutrekninga i skattemeldinga, ettersom BSU-frådraget er eit frådrag i fastsett skatt, ikkje i inntekt.

Du finn informasjonen på ei eiga linje under "Førebels utrekning av skattar og avgifter" på nest siste side i skattemeldinga di.

Dersom du ikkje finn korrekte tal eller det manglar opplysningar om BSU-sparinga di, må du melde frå til den du inngjekk avtale med, slik at dei kan rapportere korrekte opplysningar til Skatteetaten. Du kan ikkje endre eller leggje til opplysningar sjølv i skattemeldinga.

Sparer du BSU i ein annan EØS-stat, finn du informasjon her

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.