Skjermingsrente for ekstra skatt på lån

Sats

  • Skriv ut

Dersom ein person gir eit lån til eit selskap som er omfatta av aksjonær- og deltakarmodellen, skal det reknast ut ein ekstraskatt på lånerenter utover eit visst nivå (skjermingsrenta).

Satsen gjeld for inntektsåret 2014

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Skjermingsrenta for ekstra skatt på renter på lån frå personlege skattytarar til selskap  (sktl § 5-22) blir fastsett av Skattedirektoratet på grunnlag av rentesatsen som Noregs Bank publiserer på dei datoane som følgjer av Finansdepartementet si forskrift til skattelova § 5-22-4.  

TidsperiodeSats
Skjermingsrente for november og desember 2014 0,8 %
Skjermingsrente for september og oktober 2014 0,8 %
Skjermingsrente for juli og august 2014 0,8 %
Skjermingsrente for mai og juni 2014 1,1 %
Skjermingsrente for mars og april 2014 1,1 %
Skjermingsrente for januar og februar 2014 1,1 %

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.