Toppskatt

Sats

  • Skriv ut

Toppskatten er ein inntektsskatt til staten som blir berekna av personinntekta. Det vil seie brutto arbeids- og pensjonsinntekter over eit visst beløp. Du skal betale toppskatt av personinntekta for den delen av inntekta som overstig eit årleg fastsett fribeløp.

Frå inntektsåret 2016 blir toppskatten erstatta av trinnskatt. For sjølvmeldinga du leverer nå for 2015 er det framleis reglar for toppskatt som gjeld.

Satsen gjeld for inntektsåret 2015

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

 

Toppskatt
 SatsInntekt frå
Fribeløp    
Skatteklasse 1 og 2 0 % 0 kr
Trinn 1    
Skatteklasse 1 og 2 9,0 % * 550 550 kr
Trinn 2    
Skatteklasse 1 og 2 12,0 % 885 600 kr

* For skattytarar i Nord-Troms og Finnmark er satsen 7 % i trinn 1. Om trinna Toppskatten består av to trinn. Det første trinnet gjeld inntekt i det lågaste inntektsintervallet, og det andre trinnet er inntekt over dette. Prosentsatsen er ulik for kvart trinn.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.