Eigar av enkeltpersonsføretak kan ikkje levere a-melding med opplysninger om seg sjølv
F516/MAGNET_EDAG-516
Kvifor får du denne feilmeldinga?
Du har gitt opplysningar om inntekt og arbeidsforholdsopplysningar for innehavaren av eit enkeltpersonføretak i a-meldinga.
Ein innehavar av eit enkeltpersonføretak kan ikkje vere tilsett i sitt eige enkeltpersonføretak. Du kan derfor ikkje registrere arbeidsforhold for innehaveren i a-meldinga. Du kan heller ikkje oppgi innehavaren sine inntekter i a-meldinga. Innehavaren av eit enkeltpersonføretak skal oppgi inntektene sine i skattemeldinga for næringsdrivande.
Det er berre personar som er tilsette i enkeltpersonføretaket du skal levere a-melding for.
Unntak: Du kan sjå bort frå denne feilmeldinga dersom du rapporterer lott eller part til innehavaren av eit enkeltpersonføretak som driv fiske- og fangsverksemd. Det same gjeld dersom du rapporterer lott eller part til ektefellen til innehavaren av enkeltpersonføretaket.
Feilmeldinga kan komme av at du har:
- tasta feil fødselsnummer
- registrert lønn og arbeidsforhold på eigar av enkeltpersonføretak
Sjå kven som må levere a-melding for meir informasjon.
Må du rette?
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp. Det er berre unntak for innehavarar av enkeltpersonføretak som driv fiske- og fangsverksemd, fordi dei skal oppgi lott og part i a-meldinga.
Du må rette feilen innen fristen for levering av a-melding for kalendermåneden du har fått feilmeldingen.
Alvorsgrad: Øyeblikkelig
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik retter du
- Fjern informajonen om eigar av enkeltpersonføretaket og innehavarens ektefelle frå a-meldinga.
- Dersom årsaka til feilen er tastefeil av d-nummer eller fødselsnummer endrar du til korrekt nummer.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du bruker eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren om du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit enkeltpersonføretak leverar a-melding med opplysningar om inntekt og arbeidsforhold for mellom annet Turid som driv ein blomsterhandel. Dei får feilmelding MAGNET_EDAG-516 fordi Turid er registrert som eigar av enkeltpersonføretaket.
Enkeltpersonførtaket leverar ei ny a-melding utan informasjon om Turid.