Pressemelding

Plar du å leige ut hytta? Hugs å sjekke at det vert rett i skattemeldinga

  • Publisert:

Påskeferien er høgsesong for utleige av hytter i fjellet. Sidan 2019 har det vore ein sterk vekst i kor mange som oppgir inntekter frå utleige i skattemeldinga. Det har også vore ein auke i innrapportering av utleige via utleigefirma som Airbnb.

Divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal (Foto: Bård Løvvig/Skatteetaten)

Utleige av hytta er skattepliktig, og stadig fleire betaler rett skatt av desse inntektene. Både fordi dei sjølve fører det opp i skattemeldinga, og fordi utleigefirma rapporterer inn milliardbeløp for dei.

Utleigeinntekter på over 11 milliardar kroner i fjor

I skattemeldingane i år har utleigefirma rapportert inn i overkant av 11 milliardar kroner i utleigeinntekter. Det er meir enn ei dobling sidan 2020, som var første gong dei rapporterte inn tal til Skatteetaten.

Det er også svært mange fleire som har oppgitt i skattemeldinga at dei har leigd ut bustad, garasje og andre eigedelar. Sidan 2019 viser tala at korttidsutleige har tidobla seg, medan langtidsutleige også har auka kraftig.

For inntektsåret 2019 var det knappe 4 000 som melde inn korttidsutleige i skattemeldinga, medan over 47 000 melde inn langtidsutleige. For inntektsåret 2022 hadde talet auka til over 27 000 som melde inn korttidsutleige, og over 134 000 som melde inn langtidsutleige.

– Den store auken kjem både av at vi får inn fleire opplysningar som vi bruker i skattemeldinga, og alt arbeidet vi har gjort med den nye skattemeldinga, der vi gir tilpassa rettleiing til kvar enkelt. Her har vi gjort fleire tiltak dei siste åra for at folk skal oppgi rett informasjon, opplyser Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten.

Fleire utleigefirma rapporterer – du må sjølv sjekke

Dersom du bruker eit utleigefirma som Airbnb eller liknande formidlarar av utleige, så sørgjer stadig fleire av dei for at utleigeinntektene kjem på skattemeldinga di. Du må likevel sjekke sjølv at det har komme med.

Dersom inntektene ikkje er oppgitte, må du fylle dei inn på eiga hand.

Det er også ein stor vekst i talet på utleigefirma som rapporterer til Skatteetaten. I 2020 var det 57 firma som gav opplysningar, medan talet no har auka til 77 i 2023.

I tillegg til Airbnb, er dette til dømes firma som formidlar utleige av hytter på kjende påskedestinasjonar som Sjusjøen, Hemsedal og Trysil.

Høge utleigeinntekter i typiske vinterhyttekommunar

Tala frå Skatteetaten viser at det er populært å bruke utleigefirma for å leige ut i typiske vinterhyttekommunar.

Tala under viser kor mykje som vart rapportert inn frå utleigefirmaa i utleigeinntekter, og kor mange utleigeobjekt (bustad/hytte) som vart leigde ut i 2023:

  • Trysil: 1 467 utleigeobjekt og ca. 202 millionar i utleigeinntekter.
  • Hemsedal: 648 utleigeobjekt og ca. 106 millionar i utleigeinntekter.
  • Ringsaker: 616 utleigeobjekt og ca. 48 millionar i utleigeinntekter.
  • Hol: 574 utleigeobjekt og ca. 42 millionar i utleigeinntekter.
  • Vinje: 287 utleigeobjekt og ca. 17 millionar i utleigeinntekter.
  • Sigdal: 107 utleigeobjekt og ca. 6 millionar i utleigeinntekter.

Hjelper deg med ein nettrettleiar

– Vi får mange førespurnader frå folk som lurer på kva dei skal gjere dersom dei leiger ut til dømes ei hytte eller ein bustad, seier Marta Johanne Gjengedal.

Som ei spesiell hjelp til dei som leiger ut, har Skatteetaten laga ein eigen rettleiar på nettsidene sine. Oppgir du informasjon om kva du leiger ut, din eigen bruk av bustaden eller hytta, kor ofte du leiger ut og for kva beløp, får du hjelp til å halde orden på det skattemessige.

Du finner nettrettleiaren på nettsidene til Skatteetaten: skatteetaten.no/utleie

 

Fakta: Utleige av hytta - skattereglar

Dersom du leiger ut ei hytte som du også bruker sjølv, kan du ha årlege leigeinntekter på inntil 10 000 kroner skattefritt.

Dersom du har utleigeinntekter over 10 000 kroner, blir 85 prosent av inntektene rekna som skattepliktig inntekt. Inntekta blir normalt skattlagd som kapitalinntekt med 22 prosent.

Eig du fleire fritidseigedommar, som du også bruker sjølv til ferie- og fritidsføremål, er det inntil 10 000 kroner i utleigeinntekter for kvar eigedom som er skattefritt.

Du har ikkje krav på frådrag for kostnader knytte til utleiga.

 

Nøkkeltal

Utleige i skattemeldinga

 

Korttidsleige

 

Langtidsleige

 

 

antal

brutto beløp

antal

brutto beløp

2019

3 812

285 mill

47 602

9,0 mrd

2020

6 398

434 mill

71 823

14,8 mrd

2021

14 965

1,15 mrd

113 531

26,4 mrd

2022

27 279

2,54 mrd

134 087

34,2 mrd

Tabellen viser talet på skattytarar som har oppgitt leigeinntekter i skattemeldinga og dei samla bruttobeløpa (før skatt) av desse postane.

Innrapportering frå utleigefirma

 

Utleigeinntekter

Antal opplysningspliktige firma

Antal utleigeobjekt

2020

Ca. 5,3 milliardar

57

Ca. 51 000

2021

Ca. 6,1 milliardar

68

Ca. 54 000

2022

Ca. 8,6 milliardar

70

Ca. 71 000

2023

Ca. 11 milliardar

77

Ca. 88 000

Tabellen viser kva utleigefirma som formidlar utleigetenester har rapportert inn til Skatteetaten dei ulike åra.

Vedlegg