Pressemelding

Tysdag 30. april går leveringsfristen ut: No skal skattemeldinga leverast

  • Publisert:

Over 2,6 millionar har levert skattemeldinga og 1,6 millionar har fått skatteoppgjeret sitt.

– Eg oppmodar no alle som ikkje har opna og sjekka skattemeldinga om å gjera dette innan fristen, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark.

Skattedirektør Nina Schanke Funnemark (Foto: Andreas A. Vatnøy/Skatteetaten)

Tala viser at det er fleire som har sjekka skattemeldinga i år enn i fjor. Det er også fleire som har levert og fleire som har fått skatteoppgjeret sitt. Likevel reknar skattedirektøren med at mange kjem til å sjekka skattemeldinga dei siste dagane før fristen.

– Me veit at mange sjekkar skattemeldinga dei siste dagane før fristen, og me forventar det same i år.

Fristen for å levera går ut ved midnatt tysdag 30. april.

– Det er du sjølv som er ansvarleg for at skattemeldinga er rett, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark.

– Du kan la vera å senda inn skattemeldinga, men berre dersom alle opplysningane i skattemeldinga stemmer. Då må du vera klar over at du tidlegast kan få skatteoppgjeret og eventuelle pengar til gode utbetalt i slutten av juni, seier Schanke Funnemark.

Usikker på eit frådrag? Sjekk frådragsrettleiaren

Eit vanleg råd er å føra opp eit frådrag dersom du er usikker på det. Skattedirektøren meiner det er eit unyansert råd.

– Viss du er usikker på om det er frådrag du har krav på, vil eg rå deg til å sjekka Skatteetaten sin frådragsrettleiar. Du finn han på nettsidene våre.

Frådragsrettleiaren hjelper deg å få oversikt over dei vanlegaste utgiftene du kan krevja frådrag for. Når du bruker frådragsrettleiaren, kan du kryssa av for frådraga som kan gjelda deg, så får du ei samla oversikt over kva du kan føra i skattemeldinga og korleis du skal føra det.

Her finn du frådragsrettleiaren.

Skattedirektøren oppmodar særleg til å sjekka om du har krav på reisefrådrag, sidan dette ikkje er førehandsutfylt.

– Reisefrådraget må du fylla ut sjølv, og det er kanskje fort gjort å gløyma

For å hjelpa folk å rekna ut reisefrådraget har Skatteetaten laga ein reisefrådragskalkulator som du finn her. 

Dette spør folk om

Skatteetaten har som vanleg hatt stor pågang etter at skattemeldingane vart sende ut for litt over ein månad sidan.

Ei oversikt viser at det er nokre tema som går igjen når folk ringjer inn til Skatteetaten for å spørja om hjelp.

– Det er stor breidde i førespurnadene som kjem inn til oss. Men oppsummert kan me seia at det har komme mange spørsmål om fordeling av lån og renter, korleis du kan endra verdien på bustaden i skattemeldinga, praktiske spørsmål om betaling av restskatt og spørsmål om når skattepengane kjem, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark.

I tillegg trekkjer skattedirektøren fram eit anna tema som går igjen: Endring av skattekort.

– Både i fjor og i år har me sett at det er svært mange som kontaktar oss for å be om hjelp til å endra skattekortet sitt. Det er positivt at mange har eit aktivt forhold til skatten dei skal betala i løpet av året, seier Schanke Funnemark.

20 milliardar i skatteoppgjer

Etter at skattemeldinga di er levert, må Skatteetaten behandla ho og laga eit skatteoppgjer. I skatteoppgjeret står det kor mykje pengar du får igjen (til gode), eller kor mykje du må betala (restskatt).

Dei fleste får skatteoppgjeret mellom april og juni, medan nokon må venta til hausten.

Tala viser at over 1,6 millionar så langt har fått skatteoppgjeret sitt, noko som er 160 000 fleire enn på same tidspunkt i fjor. Til saman er det utbetalt over 20 milliardar kroner i skatt til gode, noko som er 5 milliardar kroner meir enn på same tidspunkt i fjor.

Viss du har levert skattemeldinga, men likevel ikkje har fått skatteoppgjeret ditt, kan det til dømes komma av at du har gjort mange endringar eller lagt til vedlegg som Skatteetaten må kontrollera, at du ikkje har oppgitt alle dei nødvendige opplysningane eller at du er teken ut til ein tilfeldig kontroll. Du får beskjed når skatteoppgjeret ditt er klart.

Skattepengane blir utbetalte kort tid etter at skatteoppgjeret er klart, men det kan likevel henda at du ikkje har fått utbetalt skattepengane. Det gjeld spesielt viss du skuldar pengar til staten og/eller kommunen. Skattepengar du har til gode kan då bli brukt til å betala ned på det du skuldar.

 

FAKTA OM SKATTEMELDINGA OG SKATTEOPPGJERET FOR INNTEKTSÅRET 2023

  • Talet på utsende skattemeldingar til lønnsmottakarar, pensjonistar og enkeltpersonføretak: 5,1 millionar
  • Talet på utsende skattemeldingar på papir: 500 000
  • Talet på opna skattemeldingar: 4,0 millionar (digitalt)
  • Talet på leverte skattemeldingar: 2,6 millionar (digitalt)
  • Talet på kor mange som har fått skatteoppgjeret: 1,6 millionar
  • Sum utbetalt i skatteoppgjeret: 20,2 milliardar i skatt til gode

Tal per 25.april