Skattereglar for gevinst/tap ved realisasjonar og aksjeutbytte

  • Skriv ut

Utbytte og gevinstar utover eit skjermingsfrådrag skal skattleggjast. Tap gir rett til frådrag.

Skjermingsfrådrag er eit frådrag som reduserer dei skattepliktige aksjeinntektene dine slik at du betaler mindre skatt. Skjermingsfrådraget viser kor stort utbytte eller gevinst ein kan ta imot skattefritt.

Skjermingsfrådraget blir sett til eit skjermingsgrunnlag multiplisert med ei skjermingsrente:

Skjermingsgrunnlag x skjermingsrente = skjermingsfrådrag

Ein reknar ut eit årleg skjermingsfrådrag for aksjar/partar som ein eig ved utgangen av kvart inntektsår.

Skjermingsgrunnlag

Skjermingsgrunnlaget blir berekna per aksje og er i utgangspunktet det vederlaget aksjonæren i si tid har gitt for aksjen (innkjøpsverdi) inkludert utgifter som heng direkte saman med ervervet, til dømes utgifter til meklar.

Skjermingsrente

Skjermingsrenta blir fastsett i januar i året etter inntektsåret. Skjermingsrenta blir fastsett på grunnlag av ei gjennomsnittleg tremånaders rente på statskassevekslar.

Skjermingsfrådraget

Skjermingsfrådraget blir berekna for kvar aksje ein eig per 31.12. i inntektsåret, og viser kor stort utbytte ein kan ta imot skattefritt.

Dersom utbyttet er større enn skjermingsfrådraget, blir det overskytande skattlagt som alminneleg inntekt (dvs. med 27 % for 2015 og 25 % for 2016). Frå og med 2016 skal aksjeinntekter multipliserast med 1,15 (25 % x 1,15 = 28,75 %)

Dersom utbyttet er mindre enn skjermingsfrådraget kvar einskild år, kan ubrukt skjermingsfrådrag nyttast til å redusere framtidig skattepliktig utbytte og/eller gevinst for seinare år (sjå tala i døma nedanfor).

Skjermingsfrådraget følgjer kvar einskild aksje og kan ikkje overførast til andre aksjar.

Taldøme
Trine eig ein aksje som ho har betalt kr 10 000 for. Innkjøpsverdien er dermed kr 10 000.

Skjermingsrenta blir i dømet sett til 2 %

År 1
Skjermingsgrunnlaget for aksjen er kr 10 000
Skjermingsfrådrag = skjermingsgrunnlaget  x skjermingsrenta
Skjermingsfrådraget: 10 000 x 2 % = 200

Trine tek imot kr 500 i utbytte i år 1.

Skattepliktig utbytte = Utbytte – skjermingsfrådrag
Skattepliktig utbytte: 500 – 200 = 300

År 2
Skjermingsgrunnlaget for aksjen er kr 10 000
Skjermingsfrådrag = skjermingsgrunnlaget  x skjermingsrenta
Skjermingsfrådraget: 10 000 x 2 % = 200

I år 2 tek Trine imot kr 100 i utbytte.

Skattepliktig utbytte = Utbytte – skjermingsfrådrag
Skattepliktig utbytte: 100 – 200 = - 100

Ettersom skjermingsfrådraget overstig det mottekne utbyttet, er skattepliktig utbytte her lik null. Trine har då eit ubrukt skjermingsfrådrag på kr 100 som kan framførast til neste år. Ubrukt skjermingsfrådrag skal òg inngå i utrekninga av neste års skjermingsfrådrag ved at det blir lagt til skjermingsgrunnlaget.

År 3
Skjermingsgrunnlaget for aksjen i år 3 er innkjøpsverdi + ubrukt skjerming frå år 2.
Skjermingsgrunnlag: kr 10 000 + kr 100 = kr 10 100

Skjermingsfrådrag = skjermingsgrunnlaget  x skjermingsrenta
Skjermingsfrådrag for året: 10 100 x 2 % = 202
Rest skjermingsfrådrag frå år 2 = 100
Samla skjermingsfrådrag i år 3 = 202 + 100 = 302

I år 3 tek Trine imot kr 400 i utbytte

Skattepliktig utbytte = Utbytte – skjermingsfrådrag
Skattepliktig utbytte: 400 – 302 = 98

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.