Obligasjonar

Du må skatte av gevinst og renteinntekter på obligasjonar. Har du selt obligasjonar med tap, kan du få frådrag for tapet.

Gjeld det meg?

Dette gjeld deg som eig eller har selt obligasjonar. 

Ein obligasjon er eit gjeldsbrev som viser at du har lånt ut pengar til eit statleg organ, ein bank eller eit selskap. Ein obligasjon er ein type gjeldsbrev, som kan kjøpast og seljast. Den som kjøper ein obligasjon blir ein utlånar, og låntakaren betaler deg renter i perioden dei låner pengane dine (også kalla løpetida). Verdien på obligasjonen kan auke og falle i verdi.

Satsar og nøkkeltal

Du må skatte 22 prosent av gevinst og renteinntekter på obligasjonar.

Dette må du gjere

Du eig obligasjonar

Har du obligasjonar, må du oppgi formue og renteinntekter på obligasjonane i skattemeldinga.

Du har selt obligasjonar

Har du selt obligasjonar med tap, kan du få frådrag for tapet. Dersom du tener pengar når du sel obligasjonar, er gevinsten skattepliktig. Du oppgir tapet og gevinsten i skattemeldinga for det inntektsåret du selde obligasjonen. Gevinsten fører du som inntekt.

Ferdig utfylt i skattemeldinga

Dersom opplysningane ligg inne i den førebelse skattemeldinga du får, må du kontrollere at opplysningane er korrekte og eventuelt korrigere dei om dei ikkje stemmer.

Dokumentasjon

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje han fram viss vi spør om det.