1.6.4 Sjukepengar o.a. utbetalt til sjølvstendig næringsdrivande – anna næring

Post 1.6.4 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du som driv næring innan kategorien Anna næring, har teke imot i sjukepengar. Beløpet er normalt førehandsutfylt, men kontroller at alt er rett.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som driv næring innan kategorien Anna næring, og som har teke imot sjukepengar som erstatning for inntekter frå verksemda.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt førehandsutfylt med beløp du har teke imot i sjukepengar. Beløpa baserer seg på kva den som har utbetalt sjukepengane, har rapportert inn, så kontroller at dei er rette.

Beløpa du skal kontrollere mot, skal stå i årsoppgåva du får frå folketrygda (NAV) eller andre i januar.

Dersom beløpet er feil, må du endre det i sjølvmeldinga. Du bør òg ta kontakt med kredittinstitusjonen for at årsoppgåva skal bli rett. 

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.