3.2.9 Frådrag for reisekostnader ved besøk i heimen (besøksreiser)

Post 3.2.9 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Dersom du på grunn av arbeid må bu utanfor heimen, kan du få frådrag for reisekostnadene mellom pendlarbustaden og heimen. Det blir gitt frådrag for kostnader som overstig 22 000 kroner og opptil 70 500 kroner. Frådraget blir rekna ut basert på reiseavstand.

Gjeld posten meg?

Dersom du overnattar ein annan plass enn heime på grunn av jobb, kan du vere pendlar og ha krav på frådrag for besøksreisene til heimen. Vilkåra for å få frådrag er at du dekkjer reisekostnadene sjølv.

Besøk i pendlarbustad

Det blir ikkje gitt frådrag for utgifter som ektefelle, sambuar eller barn har i samband med reiser til pendlarbustad. Frådraget gjeld berre for dine reiser.

Arbeidsgivar dekkjer heile eller delar av utgiftene

Dersom du har teke imot godtgjersle til besøksreiser med eit beløp som er lågare enn 1,50 kroner per kilometer, får du frådrag for differansen mellom staten sin sats og godtgjersla du har teke imot. Dersom arbeidsgivar dekkjer alt, får du ikkje frådrag.

Satsar og nøkkeltal

Sats: 1,50 kroner per kilometer for dei første 50 000 kilometrane. Deretter 0,70 kroner per kilometer. Det blir gitt frådrag for opptil 75 000 kilometer per år.

Eigendelen: 22 000 kroner.

Maksimalt reisefrådrag for pendlarar innanfor Noreg og EØS: Dersom du krev berre avstandsfrådrag etter kilometersats, kan du få eit maksimalt frådrag på kr 92 500 ((50 000 km x kr 1,50) + (25 000 km x kr 0,70)) minus botnfrådraget kr 22 000 (2016), dvs. eit maksimalt frådrag på kr 76 500. I tilfelle der samla besøks- og arbeidsreiser overstig 50 000 km for inntektsåret, og du kan dokumentere høgare transportkostnader (ekskl. bom, ferje o.a.) enn standard avstandsfradrag, kan du få frådrag for desse transportkostnadene med kr 1,50 per km for den totale reiseavstanden. Vi viser her til LikningsABC, temaet "Reise mellom heim og fast arbeidsstad", punkt 2.9.1

Dersom du bruker fly på besøksreiser, kan du velje å krevje frådrag for faktiske kostnader til flybillett i staden for avstandsfrådrag for flyreisa.

Dersom du krev frådrag for faktiske kostnader til flybillett, samstundes som du bruker bil/kollektiv transport på nokon av reisene / delar av reisene, skal maksimal reiseavstand ikkje reduserast med reiseavstanden knytt til flyreisene. Dette inneber at du kan få maksimalt frådrag på kr 70 500 + frådrag for faktiske kostnader til flybillett (inga avgrensing av beløp).

Maksimalt reisefrådrag for pendlarar utanfor EØS: Reglane om avstandsfrådrag gjeld i utgangspunktet ikkje pendlarreiser til heimen utanfor EØS-området. For slike heimreiser får du frådrag for dokumenterte utgifter dersom du bruker andre transportmiddel enn privatbil. Dersom du kan dokumentere bruk av privatbil til heimreisene, får du likevel frådrag for utgiftene etter kilometersatsane som blir nytta ved avstandsfrådrag.

For reiser til heimen utanfor EØS-området er det fastsett eit maksimalt frådragsbeløp for samla årlege reiseutgifter på kr 92 500 før reduksjon med botnfrådraget på kr 22 000 (2016). Maksimalt årleg frådrag blir difor kr 70 500. Det maksimale frådragsbeløpet inkluderer også eit eventuelt avstandsfrådrag for daglege reiser mellom pendlarbustaden og arbeidsstaden.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

I post 3.2.9 fører du:

  • talet på turar
  • avstand (kilometer tur-retur)
  • eventuelle bompengar
  • eventuelle ferjekostnader
  • eventuelle flykostnader

Sjå korleis du endrar eller legg til reisefrådrag

Døme:

Avstanden frå heimen til pendlarbustaden er 350 kilometer éin veg, det vil seie 700 kilometer tur-retur. Du reiser heim frå pendlarbustaden 25 gonger i løpet av eit år. Då blir frådraget som følgjer:

700 kilometer x 25 turar x 1,50 kroner: 26 250 kroner

- Eigendel:                                               22 000 kroner

=                                                                4 250 kroner

Du fører 4 250 kroner i post 3.2.9 i skattemeldinga. Dersom du i tillegg har arbeidsreiser i post 3.2.8, legg du saman arbeidsreiser og besøksreiser før du trekk frå eigendelen.

Når du leverer elektronisk, fyller du berre ut spesifikasjon av reisefrådrag:

Post 3.2.9: 25 turar à 700 kilometer (tur-retur)

Du får frådrag for 25 prosent av beløpet, men du skal føre heile beløpet i posten.

Du kan bruke pendlarkalkulatoren til å rekne ut frådraget.

Utgifter til bom, ferje og tunnel

Dersom du penlar innafor Noreg eller EØS kan du i tillegg krevja frådrag for utgiftar til bom, ferje og tunnel. Frådrag for desse utgiftene blir gjeve i sin heilhet når summen overstig 3 300 kroner per år.  Dersom du pendlar utanfor EØS, inngår utgiftene til bom, ferje og tunnel i maksimalbeløpet på kroner 92 500.

Dersom du krev frådrag for ferjeutgifter, må du sørgje for at ferjestrekninga ikkje er telt med i strekninga du krev avstandsfrådrag for.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom vi spør etter dokumentasjon, må du kunne dokumentere dette:

  • reisene dine med billett, kvittering eller liknande, der strekning, dato og namnet ditt står påført
  • utgifter til bom, ferje og/eller flyreiser dersom du krev frådrag for dette

Kvifor har eg ikkje fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga?

Det kan vere fleire årsaker til at du ikkje har fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.