3.1.1 Renteinntekter frå bankinnskot o.l.

Post 3.1.1 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du og barna dine under 17 år har hatt i renteinntekter. Renteinntekter som høyrer til barn under 17 år, blir fordelte med ein halvpart på kvar av foreldra når dei bur saman. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld alle som

  • har bankinnskot i norske bankar som har gitt renteinntekter, og/eller
  • er foreldre til barn som er under 17 år ved utgangen av inntektsåret, og som har bankinnskot i norske bankar som har gitt renteinntekter

Fosterforeldre

Dersom du er fosterforelder og ikkje tek imot godtgjersle, gjeld det også deg.

Dersom du ikkje bur saman med mora/faren til barnet

Dersom de foreldre ikkje bur saman, er det den barnet bur hos (ifølgje Folkeregisteret) ved utgangen av inntektsåret, som skal føre opp renteinntekta.

Dersom du har barnet buande hos deg og er gift, blir barnet sine renteinntekter fordelte mellom deg og ektefellen din. Ektefellen din, som ikkje er den biologiske faren eller mora til barnet, kan føre heile inntekta over på deg.  

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt fylt ut med renteinntekter. Beløpa baserer seg på kva banken/bankane har rapportert inn, så kontroller at alt er rett. Beløpa du skal kontrollere mot, står i årsoppgåva du får frå banken/bankane i januar. Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg kontakte banken for at årsoppgåva skal bli rett.

Informasjon manglar

Dersom det manglar informasjon, må du føre opp namnet på banken, storleiken på innskotet, renteinntekter og årsaka til at du endrar posten.

Fordeling av renteinntekter mellom ektefellar, sambuarar og andre 

Sjølv om du har felles bankkonto med andre, blir det berre rapportert inn frå banken på éin person. Ektefellar kan fordele renteinntekter fritt i sjølvmeldinga. Begge partane må endre slik at totalbeløpet blir det same.

Andre med felles bankinnskot kan fordele innskotet og rentene etter eigarforholdet. Du må endre eller leggje til informasjon om namnet på banken, storleiken på innskotet, renteinntektene og årsaka til at du endrar posten. 

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.