Gi andre tilgang til å endre og levere skattemeldinga di

  • Skriv ut

Du kan gi andre tilgang til å sjå, endre og levere skattemeldinga di i Altinn.

Alle privatpersonar kan delegere rettane sine i Altinn. Dette er nytt i 2017. Tidlegare var dette berre mogeleg for næringsdrivande.

Kven kan du delegere til?

Du vel sjølv kven du vil delegere til.

Rettane kan du til dømes delegere til

  • rekneskapskontor
  • revisor
  • rådgivingsfirma
  • ein privatperson du stolar på

Slik gjer du det

Du må sjølv logge inn i Altinn for å delegere rettane til den eller dei du ønskjer at skal kunne sjå, endre og levere skattemeldinga.

  1. Logg inn i Altinn og vel "Profil, roller og rettar" i hovudmenyen
  2. Vel "Andre med rettar til skjema og tenester"
  3. Vel "Legg til ny person eller verksemd"

Den som får delegert ein rett, får ein e-post om dette.

Sjå òg hjelp og rettleiing for rollene og rettane dine på altinn.no. Kontakt Altinn dersom du står fast eller har spørsmål.

Kva kan du gjere når du har fått delegert ein rett?

Den som har fått delegert rettar, kan

  • sjå skattemeldinga for formues- og inntektsskatt for lønnstakarar og pensjonistar
  • endre og sende inn skattemelding
  • sjå tilsendt skatteoppgjer
  • søkje om utsett levering

Gjeld med ein gong

Delegeringa gjeld frå og med den datoen du delegerer rettar i Altinn, og fram til delegeringa blir fjerna i Altinn.

Høvet til å delegere gjeld frå og med inntektsåret 2016 og framover.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.