Spania

  • Skriv ut

Personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg, skal betale skatt på pensjon, uføretrygd og andre uføreytingar som blir utbetalte frå Noreg. Skatten er 15 prosent av brutto pensjon/uføreyting, og den som betalar ut pensjonen/uføreytinga skal trekkje skatt.

Kjeldeskatten på pensjon og uføreytingar omfattar:

  • pensjon frå folketrygda
  • offentlege tenestepensjonar
  • private tenestepensjonar
  • andre private pensjonar
  • uføretrygd frå folketrygda
  • uføreytingar frå andre ordningar

Ein skal ikkje betale kjeldeskatt på barnepensjon til barn under 17 år.

Desse unnataka gjeld frå skatteplikta for personar som er busette i Spania:

  • Personar som kan dokumentere at dei er busette i Spania etter skatteavtalen mellom Noreg og Spania, har krav på skattefritak i Noreg.
  • Personar som ikkje har tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning i den norske folketrygda, skal ikkje betale skatt av pensjonar og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar, og krigspensjon.

Skatteavtalen mellom Noreg og Spania

Etter skatteavtalen mellom Noreg og Spania artikkel 18 skal pensjon og uføreytingar berre skattleggjast i det landet der mottakaren er busett. Dette inneber at pensjonen/uføreytinga ikkje skal skattleggjast i Noreg når du kan dokumentere at du er skattemessig busett i Spania etter skatteavtalen.

Det er berre personar som kan dokumentere at dei er skattepliktige i Spania som busette der etter skatteavtalen, som kan få skattefritak i Noreg. Du må difor kunne leggje fram ein bustadattest (Residencia Fiscal en España. Convenio) som er utferda av spanske skattemyndigheiter, og som uttrykkjeleg stadfestar at du er skattemessig busett i Spania etter skatteavtalen med Noreg.

Ein person som ikkje kan dokumentere at han er busett i Spania etter skatteavtalen, kan ikkje få skattefritak. Alle pensjonar/uføreytingar vil då vere skattepliktige i Noreg.

Forskotstrekk for inntektsåret 2018

Dersom du meiner at pensjonen/uføreytinga di er skattefri i Noreg etter skatteavtalen med Spania, må du kontakte skattekontoret og søkje om frikort.

Søkjer du om frikort for 2018 må du:

  • opplyse om kven som betalar ut pensjonen/uføreytinga
  • leggje ved ein bustadattest (Residencia Fiscal en España. Convenio) frå spanske skattemyndigheiter

Bustadattesten (Residencia Fiscal en España. Convenio) må vere utferda av spanske skattemyndigheiter og uttrykkjeleg stadfeste at du er skattemessig busett i Spania etter skatteavtalen med Noreg. Attesten må vere i original eller ei utskrift frå skattemyndigheitene sine nettsider av attesten med autorisasjonskode. Attesten må ikkje vere eldre enn tre månader.

Søknader om frikort vil bli handsama fortløpande. Du får tilsendt informasjon om skattekortet ditt (skattetrekksmelding) i staden for eit skattekort. Her får du mellom anna informasjon om utrekna trekkprosent/frikort. Du skal ikkje levere noko til dei som betalar ut pensjonen/uføreytinga. Dei hentar frikortet elektronisk frå Skatteetaten. Skattetrekksmeldinga blir sendt til den adressa som er registrert på deg i folkeregisteret. Er du e-brukar, får du skattetrekksmeldinga i meldingsboksen din i Altinn.

Hadde du pensjon/uføreytingar i 2016 som ikkje var skattepliktig, og/eller du har frikort i 2017, treng du ikkje å søkje om frikort for 2018. Skattekontoret skriver ut et nytt frikort på grunnlag av dei opplysningane som dei har om din skatteplikt.

Flytter du frå Spania eller du av andre grunnar ikkje lenger er skattepliktig der, må du søkje om nytt skattekort.

Er det trekt skatt før frikort blei utferda, kan du søkje om å få utbetalt trekt skatt. Du kan lese meir om dette i artikkelen «Tilbakebetaling av trekt kjeldeskatt på pensjon».

Fastsetting av skatt for inntektsåret 2017

Personar som er omfatta av reglane om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar, vil få tilsendt ei skattemelding i april 2018.

Meiner du at pensjonen/uføreytinga er skattefri i Noreg, må du levere skattemeldinga og gje opp at inntekta ikkje skal skattleggjast i Noreg.

Skattekontoret kan krevje at du sender inn ein bustadattest (Residencia Fiscal en España. Convenio) som uttrykkjeleg stadfestar at du er skattemessig busett i Spania etter skatteavtalen med Noreg.

Bustadattesten (Residencia Fiscal en España. Convenio) må vere utferda av spanske skattemyndigheiter. Attesten må vere i original eller ei utskrift frå nettet av attesten med autorisasjonskode. Attesten må ikkje vere eldre enn seks månader. Du kan sende inn ein bustadattest som er utferda av spanske skattemyndigheiter før du har fått skatteoppgjeret for 2017 i Spania.

Leverer du ikkje skattemeldinga, får du 15 prosent skatt på pensjonen/uføreytinga ved skatteoppgjeret. Dette gjeld også når du har hatt frikort.

Har du ikkje fått skattemeldinga innan 15. april 2018, kan du kontakte Skatt nord.

Personar som ikkje har tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning og som har private pensjonar/uføreytingar eller krigspensjon

Har du ikkje tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning i den norske folketrygda, er du ikkje skattepliktig i Noreg for pensjonar og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar. Du er heller ikkje skattepliktig for krigspensjon.

Du må sjølv kontakte den som betalar ut den private pensjonen/uføreytinga, og gjere merksam på at du meiner at pensjonen/uføreytinga ikkje er skattepliktig til Noreg.

Får du krigspensjon, må du kontakte skattekontoret. Får du berre krigspensjon, kan du søkje om frikort. Får du alderspensjon også, kan du søkje om eit skattekort med lågare trekkprosent enn 15 prosent. Då må du dokumentere kor stor del av pensjonen som er krigspensjon.

…………..

Reglane om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar gjeld berre for deg som er skattemessig emigrert frå Noreg. Er du framleis skattemessig busett i Noreg etter skattelova, skal skatten reknast ut etter dei vanlege reglane. Føresegnene i skatteavtalen gjeld for deg òg.

Alle førespurnader om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar skal rettast til:

Skatt nord
Postboks 6310
NO-9293 Tromsø

Tlf. frå utlandet +47 22 07 70 00
Tlf. frå Noreg 800 80 000
e-post: Du må gå inn på www.skatteetaten.no/sendepost for å sende e-post 

Hugs å gi opp fødselsnummer eller D-nummer ved førespurnader til Skatteetaten.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.