Får eg større rettar i Noreg når eg betalar kjeldeskatt på den norske pensjonen/uføreytinga mi? Får eg til dømes rett til helsetenester o.a. frå NAV (folketrygda)?

Skatteplikta for pensjon/uføreytingar gjer deg ikkje særskilde rettar i Noreg. Det er ingen direkte samanheng mellom skatteplikta og tilgjenge til ulike offentleg finansierte gode og velferdstenester. Dette gjeld både for personar som bur i Noreg og personar som bur i utlandet.

Retten til helsetenester o.a. frå NAV avheng av medlemskap i folketrygda. Du blir ikkje medlem i folketrygda fordi du betalar skatt til Noreg.

Alle spørsmål som gjeld trygdeavgift og medlemskap i folketrygda må du ta opp med NAV Internasjonalt, Postboks 8138, Dep 0033 Oslo, eller på e-post: nav.internasjonalt@nav.no