Kan eg velje å betale skatt som busett i Noreg dersom det løner seg for meg?

Du kan i utgangspunktet ikkje velje å betale skatt etter dei reglane som gjeld for personar som bur i Noreg. Kjeldeskatten på pensjon/uføreytingar er ein flat skatt på 15 prosent. Det blir ikkje gjeve frådrag i inntekta.

Dersom du er busett i eit anna EU/EØS-land og blir skattlagd i Noreg for minst 90 prosent av inntekta di, kan du krevje å få skatten rekna ut etter dei same reglane som gjeld for personar som er busette i Noreg. Låge pensjonar/uføreytingar, som er fritekne for skattlegging for personar som er busette i Noreg, vil då òg bli skattefrie for personar som bur i eit anna EU/EØS-land. Det gjeld ulike vilkår for rett til generelle frådrag, frådrag for gjeldsrenter, skattefrådrag for pensjonsinntekt for alderspensjonistar og nedsetjing av skatten etter dei norske reglane om skatteavgrensing.

Les meir i brosjyren Kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar.