Skattefrådrag for mottakarar av alderspensjon frå folketrygda eller AFP

Skattefrådraget er eit frådrag i inntektsskatt og trygdeavgift for pensjonistar med samla pensjonsinntekt (bruttobeløp) opp til eit visst beløp. Stortinget fastset kvart år storleiken på skattefrådraget og innanfor kva for beløpsgrenser du har krav på frådraget. I det følgjande er satsane for inntektsåret 2016 lagde til grunn.

For pensjon inntil 184 800 kroner kan du få maksimalt skattefrådrag, med inntil 29 880 kroner. Du kan ikkje få høgare skattefrådrag enn summen av inntektsskatten og trygdeavgifta di. Frådraget blir trappa ned for pensjon over 184 800 kroner og fell heilt bort når pensjonen er 536 859 kroner eller meir. Dersom du tek ut mindre enn full pensjon eller pensjon berre i delar av året, blir skattefrådraget og inntektsgrensene redusert.

Kven kan få skattefrådrag?

  • mottakarar av alderspensjon frå folketrygda.
  • mottakarar av AFP i offentleg sektor
  • mottakarar av tilsvarande pensjonar frå EU/EØS-land Med tilsvarande pensjon meiner ein pensjon frå allmenne og pliktige pensjonsordningar som gjeld alle innbyggjarar i landet.
  • mottakarar av supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg

Dersom du berre får andre pensjonsytingar, til dømes sjømannspensjon eller særalderspensjon frå Statens pensjonskasse, får du ikkje skattefrådrag.

Ny AFP i privat sektor gjer ikkje sjølvstendig rett til skattefrådrag for pensjonsinntekt.

Slik reknar ein ut skattefrådraget

Grunnlaget for utrekning av skattefrådraget er samla pensjonsinntekt I utgangspunktet kjem desse ytingane inn under samla pensjonsinntekt:

  • skattepliktig pensjon i og utanfor arbeidsforhold, under dette pensjon frå utlandet som er skattepliktig i Noreg
  • pensjon frå utlandet som ikkje er skattepliktig i Noreg
  • føderåd
  • livrente som ledd i pensjonsordning i arbeidsforhold unnateke utbetaling frå kollektiv livrente i arbeidsforhold oppretta etter inntektsåret 2006, der premien er skattlagd som arbeidsinntekt
  • uføretrygd fra folketrygden og uføreytelser fra andre ordninger
  • stønad etter lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg

Har du i løpet av inntektsåret begynt å ta ut alderspensjon frå folketrygda eller AFP?

I det inntektsåret du byrjar å ta ut alderspensjon frå folketrygda eller AFP, skal pensjonsinntekt som er motteken før uttakstidspunktet, ikkje inngå i samla pensjonsinntekt.

Dersom du i løpet av inntektsåret har fått uføretrygd eller uføreytelser som er blitt avløyst av alderspensjon frå folketrygda ved fylte 67 år, og du ikkje tidlegare har teke ut yting som gir rett til skattefrådrag, skal uføretrygd, uføreytelse og eventuell pensjonsinntekt som er motteken før overgangen til alderspensjon frå folketrygda ikkje inngå i samla pensjonsinntekt i overgangsåret.

Skattefrie ytingar som ikkje inngår i samla pensjonsinntekt:

  • kompensasjonstillegg til ny AFP i privat sektor
  • ektefelletillegg frå folketrygda til personar som tek imot alderspensjon og AFP når verknadstidspunktet for ektefelletillegget er før 1. januar 2011

Dersom du berre har minstepensjon, sikrar frådraget at du ikkje skal betale skatt av pensjonen.

Døme på utrekning av skattefrådrag:

Pensjonist med alderspensjon på 150 000 kroner

Skattefrådraget for alderspensjon/AFP er maksimalt 29 880 kroner når ein tek ut full alderspensjon for heile året og når alderspensjonen/AFP ikkje er over 184 800 kroner.

Eva Hansen tek ut 100 prosent alderspensjon og er pensjonist heile året. Pensjonsinntekta er 150 000 kroner. Ho har ingen andre inntekter.

Eva Hansen sin skatt før skattefrådraget er 21 338 kroner. Fordi ein ikkje kan gi henne høgare skattefrådrag enn sum inntektsskatt og trygdeavgift, blir skattefrådraget hennar 21 338 kroner. Ho skal difor ikkje betale skatt.

Pensjonist med alderspensjon på 180 000 kroner og 20 000 kroner i renteinntekter

Arne Hansen tek ut 100 prosent alderspensjon og er pensjonist heile året. Pensjonsinntekta er 180 000 kroner. Han har 20 000 kroner i renteinntekter.
Pensjonsinntekta er under 184 800 kroner. Han kan difor få maksimalt skattefrådrag dersom utrekna skatt på pensjonen og renteinntektene er lik eller høgare enn 29 880 kroner.

Skatten til Arne Hansen før skattefrådrag er 33 281 kroner. Maksimalt skattefrådrag er 29 880 kroner. Skatten til Arne Hansen blir 3 401 kroner.

Storleiken på skattefrådraget

Maksimalt skattefrådrag for inntektsåret 2016 er 29 880 kroner.

Storleiken på skattefrådraget blir redusert etter kor stor del av alderspensjonen frå folketrygda du tek ut (pensjonsgrad). Er pensjonsgraden 40 prosent, blir skattefrådraget 40 prosent av maksimalt frådrag (sjå avsnittet om pensjonsgrad).

Dersom du har AFP i offentleg sektor, og du samtidig har arbeidsinntekt, blir pensjonen redusert mot arbeidsinntekta. Skattefrådraget blir òg redusert med same prosent som pensjonen. Får du til dømes utbetalt 35 prosent av full AFP, blir skattefrådraget 35 prosent av maksimalt frådrag.

Storleiken på skattefrådraget blir utrekna etter talet på månader du har motteke pensjon. Har du hatt pensjon i 8 månader, får du skattefrådrag for 8 av dei 12 månadene i året.

Skattefrådraget blir trappa ned for pensjon over 184 800 kroner og fell heilt bort når pensjonen er 536 859 kroner eller meir.

Pensjonsgrad

Alderspensjon frå folketrygda kan takast ut frå det tidspunktet du sjølv bestemmer etter fylte 62 år. I tillegg til val av tidspunkt, kan du sjølv velje kor stor del av pensjonen du vil ta ut til kvar tid. Den lågaste uttaksgraden er 20 prosent, deretter er det ei gradering på 40, 50, 60, 80 eller 100 prosent. Endrar du pensjonsgraden i løpet av inntektsåret, blir det rekna ut eit vekta gjennomsnitt for inntektsåret. Dersom du til dømes tek ut 50 prosent pensjon første halvår og 100 prosent pensjon andre halvår, blir vekta gjennomsnitt for inntektsåret 75 prosent.

Nedtrapping av skattefrådraget

Dersom du tek ut full alderspensjon frå folketrygda eller frå ei AFP-ordning heile året og pensjonen er over 184 800 kroner, blir skattefrådraget trappa ned med:
15,3 prosent av samla pensjonsinntekt over 184 800 kroner til og med 278 950 kroner. 6,0 prosent av samla pensjonsinntekt mellom 278 950 kroner og 536 859 kroner.

Du får ikkje skattefrådrag når samla pensjonsinntekt er 536 859 kroner eller meir. Viss du tek ut gradert pensjon og/eller får pensjon berre ein del av inntektsåret, blir maksimalt skattefrådrag og beløpsgrensene redusert tilsvarande pensjonsgraden og/eller talet på månader med pensjon.

Døme på nedtrapping av skattefrådraget for pensjonist med alderspensjon på 240 000 kroner:

Bente Hansen tek ut 100 prosent alderspensjon og er pensjonist heile året. Pensjonen er på 240 000 kroner.

Slik blir frådraget trappa ned:

Maksimalt skattefrådrag (for inntekt inntil 184 800 kroner) kr 29 880
- blir trappa ned med (240 000–184 800) x 15,3 % kr 8 446
= Bente Hansen skattefrådrag kr 21 434
Bente Hansen sin skatt før skattefrådraget kr 42 446
- skattefrådraget kr 21 434
= Bente Hansen sin skatt kr 21 012

Døme på nedtrapping av skattefrådrag for pensjonist med alderspensjon på 480 000 kroner:

Peder Hansen tek ut 100 prosent alderspensjon og er pensjonist heile året. Pensjonen er på 480 000 kroner. Pensjonsinntekta er over 278 950 kroner og skattefrådraget skal difor trappast ned i to trinn.

Skattefrådraget for Peder Hansen blir rekna ut slik:
Maksimalt skattefrådrag kr 29 880
- blir trappa ned med (278 950–184 800) x 15,3 % kr 14 405
- blir trappa ned med (480 000–278 950 x 6 % kr 12 063
= Peder Hansen sitt skattefrådrag kr 3 412

Peder Hansen sin skatt før skattefrådraget kr 117 166
- skattefrådraget kr 3 412
= Peder Hansen sin skatt kr 113 354

Døme på utrekning av skattefrådrag for alderspensjonist som har teke ut 50 prosent pensjon heile året og i tillegg har lønn

Peder Olsen (69 år i 2016) tek ut 50 prosent alderspensjon frå 1. januar 2016 og held fram med å arbeide. Alderspensjonen er 95 000 kroner og løna 150 000 kroner.
Sidan Peder Olsen berre tek ut 50 prosent pensjon, blir maksimalt skattefrådrag redusert med 50 prosent til 14 940 kroner.

I tillegg skal skattefrådraget trappast ned med 15,3 prosent av pensjonsinntekta mellom 184 800 kroner og 278 950 kroner. Desse beløpsgrensene blir redusert med same prosentdel som av pensjonen ein tek ut.

Dersom Peder Olsen tek ut 50 prosent alderspensjon, blir skattefrådraget trappa ned når alderspensjonen hans overstig 50 prosent av 184 800 kroner = 92 400 kroner.

Slik blir frådraget trappa ned:
Maksimalt skattefrådrag (for 50 % pensjon inntil 92 400 kroner) kr 14 940
- blir trappa ned med (95 000–92 400) x 15,3 % kr 398
= Peder Olsen sitt skattefrådrag blir kr 14 542
Peder Olsen sin skatt før skattefrådraget kr 43 223
- skattefrådraget kr 14 542
= Peder Olsen sin skatt kr 28 681

Døme på utrekning av skattefrådrag for alderspensjonist som tek ut 50 prosent pensjon frå 1. juli 2016 og i tillegg har lønn

Erna Olsen tek ut 50 prosent alderspensjon frå 1. juli 2016. Pensjonen er på 50 000 kroner og løna 210 000 kroner. Sidan Erna Olsen berre tek ut 50 prosent pensjon, skal det maksimale skattefrådraget på 29 880 kroner reduserast med 50 prosent. Maksimalt skattefrådrag for Erna Olsen blir 14 940 kroner.

Ho får skattefrådrag berre for dei månadene ho har teke ut pensjon. Sidan ho først tok ut pensjon frå 1. juli, blir det maksimale skattefrådrag hennar 6/12-delar av 14 940 kroner, dvs. 7 470 kroner.

I tillegg skal skattefrådraget trappast ned med 15,3 prosent av pensjonsinntekta mellom 184 800 kroner og 278 950 kroner. Beløpsgrensa på pensjonsinntekta blir redusert med same prosentdel som av pensjonen ein tek ut.

Sidan Erna Olsen berre har teke ut 50 prosent pensjon, skal skattefrådraget trappast ned med 15,3 prosent av 50 prosent av pensjonsinntekta. For Erna Olsen skal difor skattefrådraget trappast ned når alderspensjonen overstig 50 prosent av 184 800 kroner = 92 400 kroner. Fordi ho berre har teke ut pensjon halve året, blir beløpsgrensa på pensjonsinntekta i tillegg redusert med 6/12-delar, dvs. 92 400 kroner x 6/12 = 46 200 kroner. Beløpsgrensa blir dermed 46 200 kroner.

Slik blir frådraget trappa ned:
Maksimalt skattefrådrag (for 50 % pensjon i eit halvt år inntil 46 200 kroner) kr 7 470
- blir trappa ned med (50 000–46 200) x 15,3 % kr 581
= Erna Olsen sitt skattefrådrag blir kr 6 889
Erna Olsen sin skatt før skattefrådraget kr 29 853
- skattefrådraget kr 6 889
= Erna Olsen sin skatt kr 42 964