Sal av eigedom utan tinglysing

  • Skriv ut

Dersom du sel ein eigedom utan at overdraginga blir tinglyst med ny eigar, får ikkje Skatteetaten opplysningar om det nye eigarforholdet. I verste fall kan fastsetting av formues- og inntektsskatt bli feil.

Dersom ein eigedom blir overdregen utan tinglysing, må du sende ein kopi av salskontrakten til Skatteetaten, slik at vi kan registrere overdraginga. Du kan sende inn kopien via skatteetaten.no/epost.

Kva skjer om det ikkje blir gitt beskjed om salet?

Dersom du ikkje gir oss beskjed, blir eigedomen automatisk ført opp på skattemeldinga du tek imot i mars. Du må dermed fjerne oppføringa kvart år, og det er heller ikkje mogleg å ta i bruk leveringsfritaket. Tek du likevel i bruk leveringsfritaket, kjem fastsettinga feilaktig inneholde ein eigedom (formue) som du ikkje er eigar av.

Typiske sal som blir utførte på denne måten, er aksjepartsleilegheiter*, tomtesal ved større utbyggingsområde, sal mellom nærståande og sal mellom eit privat aksjeselskap og eige aksjeselskap.

*Aksjepartsleilegheiter kan aldri utløyse tinglysing av heimelsforhold, ettersom det berre gjeld eigarskap i form av aksjebrev

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.